NRK Meny
Normal

– Kom ikkje hit for å ta homopraten med oss, Obama

Om få veker kjem USAs president Barack Obama til Kenya for å besøke farens heimland. På Twitter har kenyanarar starta ein eigen tråd med råd til Obama, og mange råder han til å la vere å snakke om homofile sine rettar når han kjem på besøk.

AFRICA-GAYMARRIAGE/ Members of the anti-gay caucus chant slogans against the LGBT community as they march along the streets in Kenya's capital Nairobi

Anti-homo-demonstrantar var i går ute i gatene i Nairobi for å vise sin motstand mot homofili. Målet for demonstrasjonen var mellom anna å gje beskjed til USAs president om at han ikkje treng snakke om homofili når han besøker Kenya seinare i sommar.

Foto: THOMAS MUKOYA / Reuters

Kenyanske homofile og lesbiske demonstrerer

Kenyanske homofile og lesbiske demonstrerer i Nairobi. Biletet er frå 2014, og demonstrantane viser sin motstand mot styresmaktene i Uganda som den gong diskuterte å gjere det mogleg å dømme homofile til livstid.

Foto: Ben Curtis / Ap

Den 23. juli landar Obama i sitt fars heimland. Då er det ni år sidan sist han var på besøk i Kenya. Heilt sidan Obama vart president i USA har kenyanarane venta på besøk, men det skulle ta sju år før han kom.

#KenyansMessage ToObama

No er kenyanarane opptekne av kva Obama har å melde når han landar i Nairobi om to veker. På Twitter er det oppretta ein eigen emneknagg der kenyanarar kjem med meldingar til Obama, #KenyansMessageToObama.

Og det rådet som kjem oftast er at han skal halde seg unna homokampen når han skal tale under besøket.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Konservative kristne stiller sterkt

Sex mellom to personar av same kjønn er ulovleg i Kenya, og ein kan få opp mot 14 år i fengsel for slik aktivitet. Temaet er tabu, og mange meiner homofili er eit vestleg fenomen som bryt med god moral.

AFRICA-GAYMARRIAGE/ Kenyan legislator Kiharu leads the anti-gay caucus as they chant slogans against the LGBT community during a march along the streets in Kenya's capital Nairobi

Dei seier det er familiane sine rettar dei kjempar for, men hovudparolen er anti-homofili. Biletet vart teke i går under ein demonstrasjon i Nairobi.

Foto: THOMAS MUKOYA / Reuters

I Kenya er mange muslimar, og mange av kyrkjene i landet tilhøyrar særs konservative retningar.

Motstanden mot Obama botnar ned i ein frykt for at USAs president skal legge press på kenyanske styresmakter for å få dei til å gjere homofili lovleg. Under sitt førre besøk til Afrika sa Obama at afrikanske leiarar bør vere meir tolerante overfor homofile og avkriminalisere homofili.

Innstrammingar i fleire afrikanske land

Homofile i Kenya opplever at dei vert utstøytte av sin eigen familie og samfunnet elles. Dei vert forfølgde og enkelte risikerer å bli utsette for vald.

Mange afrikanske land har strenge straffer for homofil praksis. Sør-Afrika er landet som skil seg ut ved å tillate ekteskap mellom to av same kjønn.

I dei fleste land har det vore innstrammingar dei siste åra, men Mosambik gjekk førre veke mot straumen og vedtok å avkriminalisere homofile kjæresteforhold.

Nokon vel å ta opp kampen mot homokritikarane på Twitter, medan andre bruker emneknaggen til å spøke med Obama. Mellom anna er det fleire som vil at Obama seier ja til mannen som vil gje presidenten kyr, geiter og sauer for å få lov til å gifte seg med presidentdottera Malia.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt