Hopp til innhold

– Klimaendringar ein drivar for USAs flyktningkrise

Klimaendringar er heilt avgjort ein viktig drivar for flyktningkrisa på Mexico-grensa til USA, meiner Alice Ennals i Utviklingsfondet. Ho får støtte av Nina M. Birkeland i Flyktninghjelpen og klimaforskar Bjørn Samset.

Migrantar frå Hondoruas

Ein straum av migrantar frå Mellom-Amerika. Nå hevdar fleire at ei av årsakene til at så mange drar frå regionen er klimaendringar. Her migrantar frå Honduras i april 2018.

Foto: Orlando Sierra / AFP

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

I det siste har det vore auka fokus på menneske frå Mellom-Amerika som i eit forsøk på å få eit betre liv, pakkar saman det dei har og startar på ei farleg reise mot den amerikanske draumen.

Grunnane er mange og komplekse.

Nå seier fleire at klimaendringar utan tvil er ein av dei.

– Klimaendringar er heilt avgjort ein viktig faktor, seier koordinator i Mellom-Amerika for Utviklingsfondet, Alice Ennals.

Ho er i Guatemala fleire gongar i året for å jobbe saman med lokale bønder. Ennals utdjupar og seier at klima truleg er vove tett inn med vald og konfliktar som drivar for flyktningkrisa.

Alice Ennals

Alice Ennals i Utviklingsfondet seier til NRK at mykje av grunnen til at folk drar er fordi klimaendringane har gjort at avlingane sviktar, og at dei ikkje er verna av forsikring.

Foto: Privat

– Men i botn trur eg klima rår ganske sterkt, seier ho.

Om pågangen av migrantar frå Mellom-Amerika held fram, vil om lag 1 prosent av folketalet i Guatemala og Honduras prøve å kome seg til USA i løpet av 2019, skreiv den amerikanske avisa Los Angeles Times i slutten av mars.

Også Nina M. Birkeland i Flyktninghjelpen peiker på klima som ei av årsakene bak flyktningkrisa. Ho jobbar spesielt med menneske på flukt på grunn av klima – såkalla klimaflyktningar.

Når ho skal forklare kvifor så mange forlèt heimane sine i Mellom-Amerika, trekkjer ho fram vald, fattigdom, konflikt og at sjølv om det i fleire land ikkje heilt er krig, kjenner folk seg utrygge.

– I tillegg er dette ein av regionane som er hardt utsette for klimaendringar. Dette gjer at folk endar opp i ein situasjon der flukt er einaste utveg for å overleve, seier Birkeland.

30 år for tidleg

Klimaforskar Bjørn Hallvard Samset ved klimaforskingssenteret Cicero, seier til NRK at det ikkje er nokon tvil om at den globale oppvarminga er med på å gjere Mellom-Amerika tørrare og varmare.

Samtidig seier han at regionen blir tørrare mykje raskare enn nokon eigentleg hadde sett føre seg.

Bjørn Hallvard Samset

– Kor følsamt eit samfunn er for denne tørka og varmen, må folka i kvart enkelt område svare på. Folk i Mellom-Amerika seier at vi allereie er på grensa. Det er eit tydeleg varsku, seier klimaforskar Bjørn Samset.

Foto: CICERO / CICERO

– Nå ser vi tørke der som klimamodellane seier at vi ikkje burde sjå det før rundt i 2050, seier Samset.

Dette går spesielt ut over ein våt periode Mellom-Amerika normalt har om sommaren, seier forskaren, og legg til at det er då ein skulle hatt det fuktig og godt til å drive jordbruk.

– Vi ser eit samspel mellom naturleg variasjon og klimaendringar som for augeblinken dessverre berre gjer det tørrare, varmare og vanskelegare for folka i området å drive jordbruk slik dei er vande med, seier Samset.

Den naturlege variasjonen han snakkar om kjem blant anna til uttrykk ved det såkalla El Niño-fenomenet, som har å gjere med om Stillehavet er i ein varm eller kald fase.

Samset fortel at dette igjen påverkar om det kjem mykje eller lite regn i Mellom-Amerika og andre kystområde rundt Stillehavet.

Førre El Niño, som kom i 2015, var ifølge klimaforskaren kraftig og kom på toppen av eit tørrare og varmare klima på grunn av klimaendringane.

Tørke

Ein gut sit på ein forlaten båt i det som ein gong var den 5,5 kvadratkilometer store innsjøen Atescatempa i Guatemala. Bildet er frå 2017 og viser tydeleg korleis klimaendringane påverkar Mellom-Amerika.

Foto: Marvin Recinos / AFP

Må tilpasse oss klima

Amerikanske styresmakter estimerer at nærare 1 million migrantar vil ha kryssa den sørvestlege grensa mot Mexico før 2019 er omme, skreiv New York Times i juli.

For å takle både klimaendringar og den amerikanske- og andre migrantutfordringar, peiker ekspertane på klimatilpassing. Men kva betyr eigentleg det?

Alice Ennals i Utviklingsfondet forklarar at det rett og slett er «å tilpasse seg konsekvensane av klimaendring».

– Konkret kan dette blant anna vere å lage vern mot flaum, innføre meir robuste matplantar, betre tilgangen til marknaden eller sikre betre såfrø, altså ting som kan bidra til berekraftig livsgrunnlag, seier ho.

Global Commission on Adaptation

Her blir Det globale senteret for klimatilpassing innvia i Beijing i juni 2019. Tidlegare generalsekretær i FN, Ban Ki-moon, er styreleiar for senteret.

Foto: Pool / Reuters

Utover klimatilpassing, må vi vere sjenerøse med tanke på å la folk både flytte internt i eigne land og over landegrenser, meiner Nina M. Birkeland i Flyktninghjelpen. Ho legg til at vi òg kjapt må få i stand avtalar som går utfor flyktningkonvensjonen,

– Vi trur det er viktigare å sørge for at desse (klimaflyktningar) kan bli inkluderte i andre typar avtalar, og at ein tenker meir regionalt enn globalt fordi det er så mange forskjellige måtar klimaendringane slår ut på, seier Birkeland. Ho fortel at fleire stader i verda er slike avtaler undervegs.

Trur tala vil stige på verdsbasis

Flyktninghjelpen har sidan 2008 registrert talet på menneske på flukt som følge av naturkatastrofar på verdsbasis. Berre i 2018 aleine blei omtrent 19 millionar menneske drivne på flukt frå naturkatastrofar.

Frå 2008 til 2016 er det estimert at over 220 millionar menneske blei drivne på flukt på grunn av naturkatastrofar.

Tala på menneske på flukt frå både naturkatastrofar og dei meir langsame klimaendringane som tørke, varme og havnivåstiging er derimot ikkje kartlagde.

Nina M. Birkeland

Kvart år flyktar omtrent 20 millionar frå naturkatastrofar. Nina M. Birkeland i Flyktninghjelpen seier at talet ville ha vore mykje høgare om dei som er på flukt frå langsame klimaendringar som tørke og havnivåstiging, hadde vore talde.

Foto: Tamara Kajtazović / NRC

– Vi ser at talet ikkje går ned og risikoen aukar. Gjer vi ikkje noko med klimaendringane nå, vil tala gå opp i framtida, seier Birkeland i Flyktninghjelpen.

Ho er tydeleg på at det er dei rike landa som må ta ansvar og hjelpe områda som nå blir ramma av konsekvensane frå menneskeskapte klimaendringar.

– Klima som årsak til flukt, er primært vi som har hatt dei store utsleppa over tid si skuld. Då bør vi òg betale ein vesentleg del av rekninga, seier Birkeland.

SISTE NYTT

Siste nytt