Hopp til innhold

– Kjenner ikkje til VimpelCom-korrupsjon

– Korrupsjonsskuldingane mot VimpelCom blir undersøkte. Vi må vente og sjå kva resultatet av desse undersøkingane blir, seier Telenor-sjef Jon Fredrik Baksaas, som er styremedlem i VimpelCom.

Created by InfoDispatcher

VIDEO: Sjå Baksaas i Dagsnytt 18.

Ifølgje Klassekampen betalte VimpelCom, eit selskap der Telenor har 33 prosent av aksjane, i 2007 25 millionar dollar til ein konto som blir kontrollert av den usbekiske presidentdottera Gulnara Karimnova. Dette skulle ha vore betaling for telelisensar i landet.

Ifølgje Klassekampen fekk VimpelCom så seint som i 2011 igjen telelisensar ved å betale 30 millionar dollar til selskapet Takilant, som er Gulnara Karimnovas postboksselskap. VimpelCom skal i alt ha betalt 55 millionar dollar rett til postboksselskapet.

Styremedlem sidan 2010

Telenorsjef Jon Fredrik Baksaas har vore styremedlem i VimpelCom sidan 2010. Han seier at han ikkje har kjennskap til at det har vore korrupsjon i samband med Usbekistan-lisensane, men stadfestar at skuldingane blir granska internt i selskapet.

Jan Fredrik Baksaas sa i Dagsnytt 18 i kveld at Telenor har nulltoleranse for korrupsjon, og at selskapet har lagt ned eit stort arbeid for å sikre at selskapet arbeider innanfor lovverket.

Han la til at VimpelCom, som alle selskap som er registrerte i USA, har forplikta seg til eit internasjonalt regelverk mot korrupsjon Han gjorde det klart at han som styremedlem i VimpelCom har etterlyst ein gjennomgang av dette punktet i selskapet, og at han har fått svar på spørsmåla han har stilt.

LES OGSÅ: – Vimpelcom skjulte lisensbetaling

LES OGSÅ: Telenor kjøper Bulgarias nest største mobiloperatør

- Likt TeliaSonera

Den svenske gravejournalisten Fredrik Laurin sa til NTB tidlegare i dag seier at han ser ein klar likskap i korleis VimpelCom og TeliaSonera skaffa seg mobillisensar i Usbekistan. Han meiner det er sannsynleg at den usbekiske presidentdottera har gjennomført nøyaktig same opplegg for alle dei tre selskapa som fekk lisensar, TeleiaSonera, VimpelCom og operatøren MTS.

Fredrik Baksaas har varsla at han vil kommentere skuldingane mot VimpelCom i eit lesarinnlegg i Klassekampen.

LES OGSÅ: Advarer Telenor om Usbekistan – kan ikke utelukke korrupsjonsgransking

LES OGSÅ: Telenors Usbekistan-eventyr økte inntektene med 99 prosent i 2012

LES OGSÅ: Russisk tele-ekspert: – Alle forretninger må tas med presidenten i Usbekistan

SISTE NYTT

Siste nytt