NRK Meny
Normal

– Kinesisk byggeboom drep asiatiske elver

Kina brukte meir sement i perioden 2011 til 2015 enn USA gjorde på heile 1900-talet. Den enorme etterspurnaden har ført til stor mangel på sand i Asia, som igjen har skapt ein gigantisk illegal marknad.

Bygging i Shanghai.

Gamle hus blir fjerna for å gi plass til nye skyskraparar i den kinesiske storbyen Shanghai.

Foto: Aly Song / Reuters

Ifølgje nettstaden til miljøorganisasjonen Chinadialogue har ulovleg uttak av sand frå elvebreidder ført til mange døde elver i Kina og andre land i den sørlege delen av Asia. Ifølgje organisasjonen er ikkje eitt einaste hus, bru eller hamn i Sør-Asia bygd med berre lovleg sand.

Kina er den største marknaden for sand og sement i verda. I løpet av dei siste 20 åra har etterspurnaden etter sement auka med 400 prosent, ifølgje miljøprogrammet til FN.

Enormt forbruk

Manhattan skyline med Empire State Building.

Manhattan Skyline i New York med Empire State Building i midten.

Foto: Mary Altaffer / AP

1900-talet var hundreåret då det moderne USA vart til. Det var i løpet av desse 100 åra at landet bygde ut det enorme vegnettet sitt, dei store bruene, flyplassane, Hoover-dammen og mange av dei største skyskraparane i verda.

Det gjekk med enorme mengder sand og sement, men Kina bruke altså endå meir i løpet av tre år på 2000-talet, ifølgje Washington Post . Det er ikkje stor skilnad på den geografiske storleiken på dei to landa, men Kina har rett nok langt fleire innbyggjarar.

Berre i 2016 vart det bygd 128 skyskraparar i heile verda, og 84 av dei vart bygde i Kina. Dei siste ni åra er det ingen land i verda som har bygd i nærleiken like mange skyskraparar som Kina, ifølgje dezeen.com .

Shanghai-området i Kina har opplevd ein eventyrleg vekst dei siste åra, og nye gigantbygningar har skote opp som paddehattar. Mykje av sanden har dei henta ut frå breiddene til Yangtze-elva.

Sanduttak i Mekong-elva.

Uttak av sand har ført til problem også i Mekong-elva.

Foto: Lillian Suwanrumpha / AFP

Poyang-sjøen

På slutten av 1990-talet var det henta ut så mykje sand frå elva at bruer vart destabiliserte og elvebreidder kollapsa. I 2000 vart det forbode å ta ut sand frå den sørlege og den midtre delen av elva, ifølgje Chinadialogue.

Dermed gjekk dei laus på innsjøen Poyang Lake, den største ferskvasskjelda i Kina, som renn ut i Yangtze 600 kilometer nord for Shanghai. Ein ferske studie viser at det blir teke ut 236 millionar kubikkmeter sand frå innsjøen kvart år.

Dette har igjen ført til lågare vasstand og dårlegare kvalitet på vatnet.

Også Mekong-elva er ei stor kjelde for uttak av sand, og også her har det fått økologiske konsekvensar. Miljøorganisasjonane har bede kinesiske styresmakter om å ta affære, men lite skjer.

Tørke i Poyang-sjøen.

Vasstanden i Poyang-sjøen blir stadig lågare. Under tørka i 2011 var situasjonen ekstra alvorleg.

Foto: Eugene Hoshiko / AP

Prisane stig

Når det blir restriksjonar på uttak av sand, så går prisane opp, og det betyr gode tider for dei som hentar ut sand illegalt.

Nepal har lagt ned forbod mot uttak av sand frå elvane i landet, men det blir også her gjort illegalt. I India blir det henta sand frå elvane ulovleg i stor stil, og ifølgje indiske aviser er det ein brutal sandmafia som driv geskjeften.

I løpet av dei siste åra er minst tre journalistar som har avslørt den ulovlege verksemda, tekne av dage av mafiaen, ifølgje Chinadialogue,

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt