Hopp til innhold

– Kan nokon gi leiaren av Underhuset ei pute?

Kaoset i britisk politikk såg ikkje ut til å vere ei bekymring for leiaren av Underhuset, som låg avslappa på første rad under debatten.

Bildene av lederen av Underhuset, Jacob Rees-Mogg, som ligger under tirsdagens debatt i Parlamentet har skapt sterke reaksjoner.

Bileta av leiaren av Underhuset Jacob Rees-Mogg under debatten tysdag har skapt mange reaksjonar.

Storbritannias statsminister Boris Johnson hadde nettopp mista fleirtalet i parlamentet, og politikarane skal diskueter om dei skal tvinge Johnson til å søkje EU som endå ei utsetting av brexit.

Dette såg ikkje ut til å vere noka stor bekymring for leiaren i Underhuset Jacob Rees-Mogg, som valde å lene seg godt tilbake på ein av dei grøne benkane i salen.

Dette vart raskt lagt merke til, og parlamentsmedlem frå Labour Anna Turley var ein av dei som skulda han for å vise forakt for parlamentet.

Laster Twitter-innhold

Spredt over tre seter

Fleire av parlamentsmedlemmane i Underhuset ropte til han at han måtte sette seg opp.

– Spredt over tre seter, liggande som om det var noko veldig kjedelig å høyre på i kveld, sa Caroline Lucas frå Dei grøne under debatten tysdag.

Ho var tydleg opprørt over at den konservative politikaren ikkje kunne sitte oppreist under debatten, og meiner kroppsspråket viser forakt, og er respektlaust.

– Eg er sikker på at det er mogleg å gi leiaren av Underhuset ei pute for å gjere han meir komfortabel, sa Tom Brake frå Liberaldemokratane.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Sett deg opp!

– Sett deg opp, mann! Du er meint å vere leiar for Underhuset. Det er ikkje ei solseng. Vis litt respekt!, skriv ein annan på Twitter.

I tillegg til sinne og forskrekking inne i parlamentet, førte posituren til Rees-Mogg til ei mengde parodiar på Twitter.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

SISTE NYTT

Siste nytt