Hopp til innhold

– Kan ikkje la ein oljesjeik styre klimatoppmøtet

Politikarar på Stortinget meiner Noreg bør prøve å få fjerna sjefen for årets klimatoppmøte. Sultan al-Jaber er nemleg også toppsjef i det største oljeselskapet i vertslandet.

Ahmed Al Jaber kombinerer rollene som UAEs klimautsending og som sjef for Abu Dhabis nasjonale oljeselskap.

Sultan al-Jaber er sjef for klimatoppmøtet i Dubai.

Foto: Kamran Jebreili / AP

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Mange blei overraska då Dei sameinte arabiske emirata annonserte kven som skal leie klimatoppmøtet i Dubai i desember.

Sjefen for møtet heiter Sultan al-Jaber. Han er oljesjef og klimasjef i ein og same person.

– Det er tragisk at vi har komme i ein situasjon der det er ein oljesjeik som skal leie klimaforhandlingane. Det er ikkje akseptabelt, og dei er nøydde til å finne ein annan.

Det seier første nestleiar i Energi- og miljøkomiteen på Stortinget, Une Bastholm frå MDG.

– Kva er problemet?

– Eg er redd han kjem til å bruke posisjonen sin til å unngå ein diskusjon om utfasing av olje og gass. Når ein som er leiar for eit oljeselskap skal styre dette møtet, vil det svekke legitimiteten til forhandlingane generelt, og sannsynlegvis også svekke resultatet, seier Bastholm.

Une Aina Bastholm under pressekonferanse i Stortinget. Regjeringspartiene er blitt enige med SV, MDG og KrF, og holder holder pressekonfranse om havvindsatsingen på Sørlige Nordsjø II i vandrehallen på Stortinget.

Une Bastholm (MDG).

Foto: Lise Åserud / NTB

– Må fjerne han

Ho meiner den norske regjeringa må gripe inn.

– Dette er eit kraftig tilbakeslag for tilliten til klimaforhandlingane. Eg meiner statsminister Jonas Gahr Støre må seie frå om at Noreg ikkje aksepterer det. Støre bør slutte seg til dei stemmene i EU og USA som ønskjer at Sultan al-Jaber blir erstatta av ein meir nøytral leiar.

Og dei stemmene er mange. Internasjonalt har kritikken hagla både frå miljøorganisasjonar og politikarar. Kravet er tydeleg: Sultan al-Jaber må gå.

Alexandria Ocasio-Cortez snakker under klimatopmøtet i Glasgow.

Kongress-representanten Alexandria Ocasio-Cortez frå Det demokratiske partiet er ei av dei som har skrive under på kravet om at Sultan al-Jaber må skiftast ut. Her talar ho under klimatoppmøtet i Glasgow i 2021.

Foto: Alastair Grant / AP

Internasjonal protest

Fleire hundre organisasjonar stilte seg bak eit opprop som blei sendt til FN-sjef António Guterres og FNs klimasjef Simon Stiell 11. januar i år.

23. mai sende så meir enn 100 medlemmer av EU-parlamentet og den amerikanske Kongressen eit ope brev til president Joe Biden, leiaren for EU-kommisjonen, Ursula von der Leyen, Guterres og Stiell, der dei bad om at «det blei sett i gang eit diplomatisk arbeid med tanke på å fjerne Sultan al-Jaber som president for klimatoppmøtet».

Dei var redde for at det ville svekke integriteten til forhandlingane dersom han blei sitjande. Dei oppfordra også leiarane til å «avgrense den påverknadskrafta som forureinande industri har på møte om klimaendringar i FN-systemet».

Under klimatoppmøtet i Sharm el-Sheikh i fjor var fleire hundre representantar for olje- og gassindustrien til stades. Berre frå Dei sameinte arabiske emirata kom det rundt 70 utsendingar som var tilknytte olje- og gassindustrien i landet.

Burj Khalifa i Dubai er verdens høyeste bygning.

Burj Khalifa i Dubai er, med sine 828 meter, den høgaste bygningen i verda. 330.000 m³ sement og 55.000 tonn stål gjekk med til konstruksjonen av skyskraparen.

Foto: MOHAMMED SALEM / Reuters

– Uakseptabelt

Også Lars Haltbrekken er svært kritisk til at Sultan al-Jaber skal leie klimatoppmøtet. Haltbrekken sit i Energi- og miljøkomiteen for SV.

Lars Haltbrekken

Lars Haltbrekken (SV).

Foto: Alf Simensen / NTB

– Dette er heilt uakseptabelt. Vi kan ikkje ha ein leiar for klimaforhandlingane som samtidig er direktør i eit oljeselskap som har som uttalt mål å auke oljeproduksjonen, seier han.

– Kva kan bli konsekvensane?

– Eg er redd at resultatet av toppmøtet blir forferdeleg dårleg dersom det skal leiast av sjefen for eit oljeselskap. Problemet er dei har sett bukken til å passe havresekken. Det er vanskeleg å sjå for seg at utfasing av olje skal bli diskutert når møtet blir leia av ein oljedirektør.

Haltbrekken meiner den einaste løysinga er at Sultan al-Jaber går av.

– Eg forventar at den norske klima- og miljøministeren tar initiativ til å samle andre miljøministrar for å finne ein person som er skikka til jobben.

Sultan al-Jaber

Sultan al-Jaber talar på konferansen «UAE Climate Tech» i Abu Dhabi 10. mai.

Foto: KARIM SAHIB / AFP

Første konserndirektør

Sultan al-Jaber er altså konserndirektør i det statlege oljeselskapet Abu Dhabi National Oil Company (ADNOC). Selskapet pumpar opp rundt 4 millionar fat olje om dagen, og er ein av dei største oljeprodusentane i verda. Konsernet satsar også på fornybar energi gjennom selskapet Masdar.

Al-Jaber er den første konserndirektøren som leier eit klimatoppmøte.

Han er også minister for industri og avansert teknologi i Dei sameinte arabiske emirata. I tillegg er han regjeringa sin spesialutsending for klima.

Sultan al-Jaber og Espen Barth Eide

Klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap) saman med Sultan al-Jaber på eit klimamøte i Berlin i mai.

Foto: Jon Berg / Klima- og miljødepartementet

– Lovande

Klima- og miljøminister Espen Barth Eide har møtt Sultan al-Jaber fleire gonger.

– Han er statsråd, han er oljesjef og han er sjef for det største fornybarselskapet i landet. Han har samla mykje av «energimakta», både den fossile og den fornybare, hos seg. Det kan vere eit interessant utgangspunkt for å leie eit møte der energiomstilling må stå sentralt, seier Eide.

– Trur du han kan leie dette møtet på ein tillitvekkjande måte når han også er toppsjef for eit oljeselskap?

– Eg forstår at folk stiller det spørsmålet. Det bør ikkje vere overraskande, ei heller for han. Det han har sagt, og det programmet han har lagt opp til, verkar ganske lovande. Så langt er inntrykket mitt at han ønskjer å vise kritikarane at han tar dette på stort alvor.

Eide meiner at klimatoppmøtet i Dubai verkar å vere langt betre planlagt enn møtet i fjor, i Sharm el-Sheikh, var på tilsvarande tidspunkt.

– Vi må gjere det beste ut av det. Dersom dette mislukkast, skal vi vere like kritiske som andre, men no synest eg vi skal gi han fordelen av at han kan overraske positivt, og det trur eg faktisk er innanfor rekkevidde. Formannskapet er viktig, dei skal organisere møtet og setje dagsorden, men det er FN-systemet og medlemslanda som tar dei endelege avgjerdene.

Eide seier at Dei sameinte arabiske emirata har gjennomført ei betydeleg energiomstilling, og at dei er tungt inne i investeringar i fornybar energi også i andre land.

– Vi kjem til å vere veldig tydelege på at vi ikkje når klimamåla utan ei fundamental omstilling av energisystema våre.

– Bruke situasjonen til noko positivt

Ola Elvestuen representerer Venstre i Energi- og miljøkomiteen. Han støttar ikkje kravet frå Haltbrekken og Bastholm. Det gjer heller ikkje Nikolai Astrup frå Høgre.

– Vi skulle gjerne hatt ein annan til å leie klimatoppmøtet, ein med mykje større truverd i klimaspørsmål. Men no har han fått denne posisjonen, så dette blir ein nyttelaus diskusjon, seier Elvestuen.

Ola Elvestuen (V)

Ola Elvestuen (V).

Foto: Annika Byrde / NTB

Han meiner Noreg heller bør bruke denne situasjonen til noko positivt.

– Vi bør auke forventningane og leggje større press både på han og på Emirata, slik at vi kan få gjort viktige framsteg i klimakampen. No bør vi konsentrere oss om å gjere det vi kan for at dette skal bli eit vellukka klimatoppmøte, der vi får semje om viktige tiltak for å redusere utsleppa.

Elvestuen ser for seg at Noreg vil få stor merksemd som eit oljeproduserande land på dette klimatoppmøtet.

– I same båt

– Der vil vi vere i same båt som vertslandet. Dei planlegg ein stor ekspansjon i olje- og gassproduksjonen. Det gjer også Noreg. Som eit oljeproduserande land kan vi vise korleis utslepp frå produksjonen kan reduserast for å nå 1,5-gradersmålet. Då vil vi få stor merksemd internasjonalt og vi vil ta ei viktig rolle på møtet.

Nikolai Astrup

Nikolai Astrup (H).

Foto: Ksenia Novikova

Nikolai Astrup representerer Høgre i Energi- og miljøkomiteen. Han seier det slik:

– Eg kan forstå at enkelte reagerer på at ein person som leier eit oljeselskap også skal leie ein global klimakonferanse. Samtidig er han ein mann med mange hattar. Han er statsråd, men også leiar for eit fornybarselskap med store ambisjonar og aktivitet i 40 land.

Astrup trur Sultan al-Jaber sin bakgrunn kan vere nyttig når han skal leie det store klimatoppmøtet i Dubai.

Spørsmålet er ikkje kvar han kjem frå, men kvar han skal. Kanskje er det nettopp ein person med bakgrunn frå fossilindustrien som kan bidra til at omstillinga skyt fart, seier Astrup.

Luksusyacht i havnen i Dubai

Luksusyacht i hamna i Dubai.

Foto: GIUSEPPE CACACE / AFP

– Må ikkje førehandsdømme

Sultan al-Jaber sjølv seier at ingen må førehandsdømme presidentgjerninga hans. I eit intervju med The Guardian 7. april sa han har forplikta seg til å gjere det han kan for at 1,5-gradersmålet skal bli nådd, både gjennom innsats frå styresmakter og privat næringsliv.

Han sa at det er eit viktig mål for han å bruke klimatoppmøtet til å utfordre næringslivet.

– Vi treng ei omfattande kursendring og ein massiv, global innsats for å få framdrift. Dette kan ikkje gjerast av regjeringane åleine.

Sultan al-Jaber seier at ingen tidlegare COP-president har hatt tilsvarande gründer- og leiarerfaring. Han meiner det vil komme til nytte i den rolla han har no.

– Vi må få privat sektor på banen, slik at dei milliardane som er nødvendige, kjem på bordet. Dette krev ein forretningsplan med klare mål, seier han.

Han ønskjer at privat næringsliv skal spele ei svært viktig rolle på klimatoppmøtet, og meiner at både olje- og gasselskap, og andre selskap, vil vere heilt sentrale i arbeidet med å takle klimakrisa.

– Energisektoren må jobbe som ein partnar med andre sektorar for å bidra til å avkarbonisere økonomien, seier Sultan al-Jaber.

SISTE NYTT

Siste nytt