– Kampen mot IS går raskare med Trump

Den USA-leia krigen mot IS går svært bra, meiner mannen president Donald Trump har sett til å leie koalisjonen der også Noreg deltek.

Brende og McGurk

SAMARBEID: Noreg er vertskap når dei nordiske spesialutsendingane møter president Trumps mann, Brett McGurk, i Oslo.

Foto: Anders Tvegård / NRK

– Vi har gjennomført over 20.000 flyangrep, og dette er den mest presise luftkrigen nokosinne, seier USAs spesialutsending for koalisjonen mot IS, Brett McGurk.

Denne veka er han i Oslo for å møte dei nordiske landa som deltek i koalisjonen mot terrorgruppa. Torsdag orienterte McGurk utanriksminister Børge Brende om utviklinga i Syria og Irak, og dei to er samde om at det vert gjort store framsteg.

– Vi har tatt tilbake 60–70 prosent av områda som var kontrollerte av IS i Irak, og 30 prosent i Syria. Det betyr at 2,5 millionar sivile no er fri, seier Brende.

McGurk legg til at koalisjonen også sikrar kontrollen over områda som vert tekne tilbake frå IS, slik at sivilbefolkninga kan vende tilbake til sine vanlege liv.

Raskare

McGurk

HØG PRIORITET: Etter at Donald Trump tok over som president har kampen mot IS gått raskare, meiner USAs spesialutsending for koalisjonen mot IS, Brett McGurk.

Foto: Anders Tvegård / NRK

Det var tidlegare president Barack Obama som gav McGurk jobben som spesialutsending for koalisjonane mot IS. Etter at Trump tok over som president har det skjedd endringar, seier McGurk.

– Trump har delegert ansvaret til generalane og til forsvarsminister Jim Mattis. Det gjer at ting går litt raskare enn det har gjort tidlegare.

Han viser også til at den klare beskjeden frå Trump, om at USA har som mål å nedkjempe IS, og at dette er den viktigaste prioriteringa.

Levande skjold

Ifølgje den uavhengige, britiske organisasjonen Airwars, er minst 3111 sivile drepne i flyangrep frå koalisjonen. Dette er tal organisasjonen med visse kan stadfeste, men dei seier at det sannsynlegvis at over 9000 drepne.

McGurk meiner IS må ta skulda fordi dei brukar sivile som levande skjold.

– IS samlar sivile i bustadhus i Mosul, og deretter brukar dei husa til militære stillingar, seier han.

Koalisjonen har vert lite villig til å erkjenne sivile tap, og har hittil berre sagt at 229 sivile liv har gått tapt i flyangrepa som er utførte sidan september 2014.

McGurk held fast ved at den USA-leia koalisjonen, i motsetning til Russland, utelukkande driv presisjonsbombing.

Angrep utan godkjenning

Tidlegare denne veka utførte Tyrkia luftangrep mot kurdiske mål i Irak og Syria. Tyrkia seier at angrepa var retta mot «terroristar», og varslar at dei vil halde fram med å bombe grupper dei meiner er knytte til Det kurdiske arbeidarpartiet (PKK).

– Vi har gjort det klart overfor Tyrkia at dette er luftangrep som ikkje var godkjende av oss, seier McGurk.

Både i Irak og Syria fungerer kurdarane som nokre av USAs viktigaste støttespelarar på bakken i kampane mot IS.

– Dette er eit vanskeleg område, og det er viktig at alt er koordinert skikkeleg. Derfor har vi snakka med Tyrkia, for å sikre oss at det er betre koordinert i framtida, seier McGurk.

Laster Twitter-innhold

SISTE NYTT

Siste nytt