– Det var mykje fokus på saka nokre veker etter at det skjedde. Men deretter vart det litt gløymd bort, og difor føler me det er viktig å minne folk på at dette framleis skjer. Denne markeringa ein fin måte å vise solidaritet, og vise at me bryr oss, seier Sofia Spandow til NRK.
- LES OGSÅ:
Ho var ein dei som i dag hadde møtt opp på Youngstorget for å vise at ho støttar dei kidnappa jentene i Nigeria, og ønskjer å få dei sette fri.
300 i fjor, 40 i år
Også i fjor var det ei markering til støtte for dei nigerianske jentene. Då var hendinga ny, og for aller første gong vekte Boko Harams herjingar merksemd over heile verda. Då var det 300 menneske som møtte fram på Youngstorget, mot dagens knappe 40.
Også i andre byar kor det har blitt markert at det er eitt år sidan rundt 200 skulejenter vart bortført har oppmøtet vore labert gjennom dagen.
I Paris møtte nokre titals demonstrantar fram foran Eiffeltårnet. Blant dei var Valérie Trierweiler, som fram til januar i fjor var Frankrikes førstedame og president Francois Hollande sin partnar.
(Saka held fram under videoen)
Mykje aktivitet på sosiale medium
Også i London og New York var oppmøtet langt mindre enn i fjor. Men blant menneskerettsorganisasjonar og i sosiale medium lever framleis kampen for dei bortførte jentene.
Plan Norge har halde foredrag og Unicef har lansert ein fersk rapport om tema. Og i Storbritannia har Malala uttalt seg om jentene og sagt at ein må vere sterke og halde ut.
Tilbake på Youngstorget står demonstrantane med plakatar som seier at ein ikkje må gløyme jentene, og at alle har rett til utdanning.
– Når me er i Noreg og ser alt det grusomme som skjer i Nigeria, så er det lett å kjenne avmakt. Men det minste me kan gjere er å vise at me bryr oss. Det er mange som har blitt bortført, og mange som står i fare for det, seier Sunniva Bjerkaas som også ho var blant dei som møtte opp på Youngstorget.
- LES OGSÅ:
I Nigeria var frammøtet på dagens markeringar langt større enn i Oslo og andre stader. Fleire hundre marsjerte i tog til støtte for jentene.
Også landets nye president Muhammadu Buhari har vore oppteken av temaet, og seier at den nye regjeringa høyrer angsten blant folket i Nigeria, og at dei vil prøve å svare på ein tilfredstillande måte.