Hopp til innhold

– Jentene er frie innan tysdag

Nigeria seier dei har mål om å få dei 219 nigerianske jentene fri frå Boko Haram si varetekt innan tysdag. Det er framleis uklart om dei to partane faktisk har inngått ein avtale.

NIGERIA-BOKO-HARAM/ Newspapers with various front page headlines on the Chibok girls and their possible release are displayed at a news stand in Abuja

Ingen tvil om kva som prega avisene i Nigeria i dag. Nyheita om ei våpenkvile mellom Nigeria og Boko Haram er godt nytt for dei fleste, om den viser seg å stemme.

Foto: STRINGER / Reuters

– Eg kan stadfeste at regjeringa jobbar hardt med å leve opp til sin del av avtalen, slik at lauslatinga av dei kidnappa kan bli sett ut i live anten måndag eller seinast tysdag neste veke, seier ei sentral kjelde til nyheitsbyrået Reuters.

Det har vore mange motstridande meldingar om dei kidnappa jentene det siste døgnet.

I går kom først meldingar frå ulike hald om at Nigeria og Boko Haram har inngått ein våpenkvileavtale.

I tillegg vart det sagt at dei 219 skulejentene som vart kidnappa i april skal bli slepte laus. Men berre timar etterpå kom kontrabeskjeden.

– Nei, den delen er me ikkje blitt samde om, men me kjem nærare og nærare, sa talsmann Mike Omeri, om påstanden om at jentene skal bli slepte laus.

Mykje tyder likevel på at det går føre seg samtaler mellom Nigeria og Boko Haram, der målet er både å skape fred i Nord-Nigeria, men også å få slept laus skulejentene som etter kvart har fått verdsvid merksemd gjennom emneknaggen #BringBackOurGirls.

Førebels har ikkje islamistgruppa Boko Haram uttalt seg om dei påståtte forhandlingane. Og det er frå før av kjent at president i Nigeria, Goodluck Jonathan, har nekta å møte Boko Haram sine krav om å få slept laus Boko Haram-medlem som er i nigeriansk fangenskap.

Samstundes har konflikten i Nord-Nigeria blitt ei verkebylle for president Jonathan, som taper stadig meir støtte hos folket, etter kvart som konflikten dreg ut.

Også dei kidnappa jentene skaper problem for styresmaktene, som har blitt skulda for å gjere for lite for å redde jentene, og for å gi Nigerias soldatar for dårleg utstyr i kampen mot Boko Haram.

SISTE NYTT

Siste nytt