Hopp til innhold

– Israel godkjenner nye bustader

Israel har godkjent at det blir bygd 50 nye bustader i ein israelsk busetnad på Vestbreidda, ifølgje israelsk radio.

Israelsk soldat og palestinsk kvinne kranglar

Israelsk soldat og palestinsk kvinne i open krangel under ein demonstrasjon mot utvida israelsk busetnad.

Foto: HAZEM BADER / AFP

Avgjerda om å utvide Adam-busetnad nord for Jerusalem kjem trass gjentekne krav frå USA om at Israel stansar all busetnadsaktivitet i påvente av nye samtalar med palestinarane.

Stoppar ikkje naturleg vekst

Israels statsminister Benjamin Netanyahu har sagt at høgreregjeringa hans ikkje vil opprette nye busetningar på dei okkuperte områda, men at dei ikkje vil stanse den såkalla naturlege veksten i dei allereie eksisterande busetnadane.

LES: Netanyahu møter kritikk i Europa

Vil ikkje møte Netanyahu

Palestinarane har gjort det klart at dei ikkje vil møte Netanyahu før bygginga blir stoppa i dei over 100 busetnadane på palestinsk jord, der det i dag bur nærare 500.000 israelarar.

LES: - Viktig skritt i riktig retning

LES: Netanyahu under press

SISTE NYTT

Siste nytt