Hopp til innhold

– IS samarbeider med Assad-regimet

Dokument som er lekka frå terrororganisasjonen IS, viser at det har vore eit omfattande samarbeid mellom IS og det syriske regimet under borgarkrigen i Syria.

IS-krigarar i kamp nær Palmyra.

IS-krigarar i kamp nær Palmyra i mai i fjor. Lekka dokument frå IS fortel om samarbeid mellom IS og syriske regjeringsstyrkar.

Foto: Uncredited / Ap

Britiske Sky News har sikra seg dokument som blant anna viser samarbeid mellom IS og Assad-regimet då regjeringsstyrkane tok over den historisk viktige byen Palmyra. Dei har også snakka med avhopparar frå IS som kan stadfeste dette samarbeidet.

Papira viser også at treninga av jihadistar i Syria har gått føre seg i fleire år, mykje lenger enn det vestlege etterretningstenester har rekna med. Det skapar frykt for at sovande celler med terroristar alt er på plass i europeiske land, og berre ventar på ordre om å gjennomføre angrep.

Bashar Assad i et TV-intervju

Regimet til Syrias president Bashar al-Assad har samarbeidd med IS, viser dokument Sky News har fått tak i.

Foto: Uncredited / Ap

Opplysningane sist veke om at moglege IS-terroristar var på plass i Sverige , kan basere seg på opplysningar frå dei same dokumenta.

Terroranalytiker: – IS kan drive psykologisk krigføring

– Avtale om Palmyra

Det som verka som ein viktig militær siger for dei syriske regjeringsstyrkane då dei erobra Palmyra i mars, var i følgje kjeldene til Sky News del av ein avtale mellom IS og den syriske regjeringa. Og samarbeidet har vart i fleire år.

Sky New har fått i hende nye IS-dokument, i tillegg til 22.000 dokumenta dei fekk tilgang til i april.

Desse dokumenta viser følgjande:

  • Ein avtale mellom IS og det syriske regimet om tilbaketrekking av IS-våpen frå Palmyra.
  • Ein avtale mellom IS og det syriske regimet om å bytte olje mot kunstgjødsel.
  • Ein avtale om at IS skulle trekkje seg tilbake frå visse området før dei syriske regjeringsstyrkane gjekk til angrep.

Dei nye dokumenta Sky News har fått tilgang til er kopiar av handskrivne ordrar frå IS-hovudkvarteret i Raqqa.

IS-krigere i Raqqa i Syria.

IS-krigarar marsjerer i Raqqa, den syriske byen der terrororganisasjonen har hovudsetet sitt.

Foto: Uncredited / Ap

Pentagon: – Første fase i krigen mot IS er over

Grusomme IS-spor i Palmyra: Har funnet massegrav med 42 mennesker

IS-avhopparar

Dei siste 18 månadene har nyheitskanalen har kontakt med ei gruppe frå Free Syria Army, som opphavleg kjem frå Raqqa, byen der IS i Syria har hovudkvarteret sitt. Denne gruppa, som no har hovudkvarteret sitt på den tyrkiske sida av grensa, har oppretta ei fluktrute for avhopparar frå IS.

IS-avhopparane Sky News har snakka med seier at samarbeidet mellom IS og regjeringsstyrkane som har halde på i fleire år.

Ein avhoppar seier at IS har samarbeidd direkte både med syriske regjeringsstyrkar, og til og med det russiske flyvåpenet, når dei har trekt seg ut av eit område

Avhopparar seier at dette er eit samarbeid som har halde på i fleire år.

Russisk video tatt med drone over Palmyra

VIDEO: Sjå øydeleggingane i Palmyra frå lufta.

– Eit verkeleg samarbeid

IS-avhopparar og sivile Sky News har snakka seier at det ikkje berre snakk om enkel kommunikasjon mellom dei krigførande partane, men at det er eit verkeleg samarbeid.

Ein analyse av dei mange lekka dokumenta frå IS tyder på at organisasjonen er avhengig av å kontrollere eit geografisk område, der dei kan trene opp jihadistar som gjennomføre angrep i Europa og andre område.

Ekspertar Sky News har snakka med seier at det lekka materialet viser at borgarkrigen i Syria er ein svært komplisert konflikt, og fleire av dei seier at dei tidlegare ikkje har opplevd konfliktar som er så vanskelege å forstå.

Ødeleggelsene i verdensarvbyen Palmyra er store
Foto: JOSEPH EID / Afp

CNN: IS har ikke råd til sex-slaver