Det var ein svært alvorstung Barack Obama som kommenterte IS-videoen som viser halshogginga av den amerikansk journalisten James Foley, som vart teken til fange i Syria i november 2012.
Presidenten kalla IS for ein kreftsvulst som ikkje har nokon plass i det 21. hundreåret, og han var klar på at den islamistiske organisasjonen vil kome til å tape. Ideologien deira er verdilaus, sa han.
– Vil tape til slutt
Den amerikanske journalisten James Foley vart halshogd av terrororganisasjonen IS.
Foto: Uncredited / Ap– Menneske som dette vil alltid tape til slutt, fordi framtida høyrer til dei som skapar og bygg opp, ikkje dei som øydelegg, sa Obama blant anna.
Den amerikanske presidenten gjorde det klart at USA vil halde fram angrepa mot IS i Irak, og at dei vil samarbeide med Irak og andre land som vil kjempe mot organisasjonen.
– USA vil halde fram med å gjere det vi må for å verne innbyggjarane våre. Vi vil vere vaktsame og nådelause. Når nokon truar innbyggjarane våre, same kvar det er, så gjer vi det vi må for å sørgje for at dei skuldige blir stilte til ansvar, sa Obama blant anna.
Obama fortalde at han har vore i kontakt med familien til James Foley for å uttrykkje si djupe medkjensle.
– Heile verda er sjokkert
– Heile verda er sjokkert over det brutale drapet på James Foley. Vil kjem til å halde fram med å gjere det vi kan for å forsvare amerikanske borgarar.
Han snakka varmt om det arbeidet James Foley har gjort ute i verda for å informere om det som skjer i konfliktområde langt borte.
Det kvite hus gjorde det i ettermiddag klart at dei vurderer videoen frå IS, Islamsk stat, som vart lagt ut på sosiale medium i går kveld,
. Videoen viser at den amerikanske frilansjournalisten, som har vore sakna sidan november 2012, blir halshogd.Obama kom med si fråsegn kort tid etter at Det kvite hus gjorde det klart at videoen etter alt og dømme er ekte. Han snakka frå Martha's Vineyard i delstaten Massachusetts, der han for tida er på ferie.
– Svar på bombeangrep
Storbritannias statsminister David Cameron seier mannen på IS-videoen truleg er britisk.
Foto: LUKE MACGREGOR / ReutersHer blir det sagt at Foley vart drepen som eit svar på amerikanske bombeangrep mot IS i Irak. USA har det siste døgnet gjennomført 14 bombeangrep mot IS-stillingar i det nordlege Irak, og det er varsla fleire angrep i dagane som kjem.
På videoen blir det også sagt at IS held ein annan amerikansk journalist, Steven Sotloff, fanga. Han har vore sakna sidan juli 2013. Ein maskert mann med britisk aksent seier på slutten av videoen at det er opp til Barack Obama kva som skal skje med Sotloff.
Sotloff har levert stoff blant anna til Time, Foreign Policy og Christian Science Monitor.
– Truleg britisk
Den britiske regjeringa har starta undersøkingar om den maskerte mannen på videoen kan vere britisk statsborgar. Statsminister David Cameron sa i ettermiddag at mannen på videoen sannsynlegvis er britisk, men at dei hittil ikkje har greidd å identifisere vedkomande.
Cameron seier at han er djupt sjokkert over at ein britisk statsborgar kan vere involvert. Han gjorde det samstundes klart at Storbritannia ikkje vil auke nærværet sitt i Irak ved å sende bakkstyrkar dit.
Hittil har landet gjennomført flyslepp med naudhjelp, overvaking og transport av militært utstyr til dei kurdiske styrkane i kampen mot IS.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: