NRK Meny
Normal

– Iran har laga fredsplan for Jemen

Iran er skulda for å støtte opprøret i Jemen, men dei seier dei no har klar eit forslag til fredsavtale for landet. Samstundes veks frykta for kva konflikten i Jemen kan føre til.

YEMEN-CONFLICT-ADEN

Regimevennlege styrkar kjemper mot Houthi-militsen. Her er nokre av soldatane fotograferte utanfor Aden. Men også Al Qaida speler ei viktig rolle i den kompliserte konflikten i Jemen.

Foto: SALEH AL-OBEIDI / Afp

– Iran har føreslått ein fredsplan for Jemen som skal leie fram til ei våpenkvile, etterfølgt av samtaler med utanlandske aktørar som meklarar, seier den iranske utanriksministeren Mohammad Javad Zarif.

Også for nokre dagar sidan tok Iran til orde for ei våpenkvile i Jemen, men Saudi-Arabia avslo forslaget.

Dei to landa støtter kvar si side i konflikten i Jemen, og omverda har dei siste vekene frykte ein ny storkrig i Midtausten.

YEMEN-SECURITY/ Militants loyal to Yemen's president Abd-Rabbu Mansour Hadi stand on a tank stationed in the country's southern port city of Aden

Jemenittiske soldatar, som støtter president Hadi, er stasjonerte utanfor den sørlege hamnebyen Aden.

Foto: STRINGER / Reuters

FN med sanksjonar og våpenembargo

Houthi-militsen har teke stadig meir land frå dei offisielle styresmaktene i Jemen. Det sjiamuslimske regimet i Iran vert skulda for å støtte den sjiamuslimske Houthi-militsen. Det er jemenittiske styresmakter, og deira støttespelarar frå det sunnimuslimske Saudi-Arabia som kjem med skuldingane.

Stormaktene sine sentrale roller i konflikten skaper uro for kva konflikten i Jemen kan føre til, og seinast i dag var situasjonen i Jemen på agendaen til FNs Tryggingsråd.

Der innførte Tryggingsrådet sanksjonar mot ein leiar av Houthi-militsen, i tillegg til å påføre militsen ein våpenembargo. Ein slik embargo forbyr FN-medlem Iran, og alle andre land, å selje våpen til militsen. Russland velte å ikkje bruke vetoretten sin, men stemte heller ikkje for vedtaket.

Al Qaida-leiar drepen

Samstundes som det storpolitiske spelet går føre seg held kampane fram i Jemen. Fleire ulike stammegrupper deltek i kampane som i all hovudsak står mellom styresmaktene og Houthi-militsen.

Men også Al Qaida si forgreining i Jemen er ein sentral aktør i konflikten. Gruppa har utnytta tryggingsvakuumet som har oppstått på grunn av borgarkrigen, og auka sin aktivitet.

Men dei skal ha fått eit kraftig tilbakeslag etter eit amerikansk droneangrep i går. For i dag seier Al Qaida i Jemen at deira ideologiske leiar er angrepet som dei seier USA står bak. USA er dei einaste som opererer med dronar i Jemen.

Den drepne leiaren, Ibrahim al-Rubaish, sa seinast i januar at USA toppar lista over islams fiendar.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt