Hopp til innhold

– Iran har 5,7 kg opprika uran

Iran har produsert 5,7 kg høgare opprika uran, ifølgje ein hemmeleg IAEA-rapport.

Irans president Mahmoud Ahmadinejad med vernebriller.

Presidenten i Iran, Mahmoud Ahmedinejad, med vernebriller. Han hevdar landet vil bruke uranet til fredelege formål.

Foto: Ruzbeh Jadidol / Scanpix/AP

– 7. april 2010 henta Iran ut 5,7 kilogram UF6 frå atomanlegget i Natanz, heiter det i rapporten frå det Internasjonale atomenergibyrået (IAEA).

Ifølgje iranske myndigheiter har uranet ei opprikingsgrad på 19,7 prosent.

– Iran har meir på lager

Ei kjelde i IAEA meiner det er snakk om mykje større mengder.

– Desse 5,7 kg var henta ut i starten av april, men produksjonen har halde fram sidan då. Det er snakk om større mengder, seier kjelda som uttaler seg anonymt. Han skal vere ein seniordiplomat med kjennskap til det som skjer i IAEA, ifølgje nyheitsbyrået AFP.

Fordømd i vesten

Tidlegare har Iran klart å opprike uran til 5 prosent. Dei starta opprikinga til 20 prosent i februar i år. Iran påstår dette skal brukast som brennstoff i ein forskingsreaktor i hovudstaden Teheran.

Iran har blitt fordømt av vestlege land for dette, fordi opprikinga gjer at Iran kan nerme seg å kunne lage atombomber.

– Dårleg samarbeid

USA meiner rapporten viser at Iran framleis ikkje samarbeider godt nok med det internasjonale samfunnet.

– Denne rapporten frå atomvakthunden i FN strekar er ei understreking av måten Iran nektar å følgje dei internasjonale krava om å tillate konstruktive samtalar om atomprogrammet deira, seier Det kvite hus i ei fråsegn ifølgje nyheitsbyrået Reuters.

SISTE NYTT

Siste nytt