Hopp til innhold

– Avgjerd om angrep på Iran først til neste år

– Avgjerda om å gå til militært angrep på Iran eller ikkje er utsett til neste år, seier Israels forsvarsminister Ehud Barak i eit intervju med den britiske avisa Daily Telegraph.

Israels forsvarsminister Ehud Barak.

Israels forsvarsminister Ehud Barak seier at avgjerda om å angripe Iran er utsett.

Foto: Oded Balilty / Ap

Barak seier til avisa at den siste akutte krisa vart unngått då Iran tidlegare i år valde å bruke meir enn ein tredel av det medium opprika uranet sitt til sivile føremål.

– Dette gjer at tidspunktet for ei endeleg avgjerd om eit angrep eller ikkje kunne utsetjast med mellom åtte til ti månader, seier han i intervjuet med Daily Telegraph .

Tre teoriar

Ehud Barak trur det kan vere tre årsaker til at Iran, i alle fall førebels, har gått bort frå planen om å bruke uranet til å skaffe seg atomvåpen. Det kan vere at truslane om eit israelsk eller amerikansk angrep har fått iranske styresmakter til å stanse aktiviteten.

Det kan også vere, seier Barak, eit diplomatisk utspel for å unngå at striden om det iranske atomprogrammet skulle utløyse ei krise før det amerikanske presidentvalet, for å vinne tid.

Det tredje alternativet kan vere at det er ein måte å fortelje Det internasjonale atomenergibyrået IAEA at Iran er interessert i å oppfylle forpliktingane sine overfor byrået, meiner Barak.

LES OGSÅ: Vil stoppe atomprogram: USA truer med flere sanksjoner

LES OGSÅ: Iran rammet av økonomisk krise

– Vil skaffe seg atomvåpen

Ehud Barak har likevel ingen illusjonar om at Iran har tenkt å gi opp atomprogrammet sitt

– Eg trur at Iran framleis er fast bestemt på å skaffe seg atomvåpen, og vi er like fast bestemte på å hindre dei i å få slike våpen. Og alle alternativ for å hindre dette er framleis på bordet, seier Barak til avisa.

Den israelske forsvarsministeren seier også at Israel kan kome til å gå til angrep på Iran på eiga hand.

LES OGSÅ: IAEA anklager Iran for å skjule atomspor

LES OGSÅ: Iran avholder diplomatisk toppmøte

– Har nok uran

Analytikarar trur at Iran alt har nok lågopprika uran til å byggje atomvåpen, dersom uranet blir tilstrekkeleg opprika. Vestlege diplomatkjelder meiner at Iran har installert opprikingssentrifugar ved eit nytt underjordisk anlegg.

Kjeldene meiner dei har nok sentrifugar til å kunne opprike uran slik at det kan brukast militært, dersom landet tek ei avgjerd om at dei vil skaffe seg atomvåpen.

LES OGSÅ: Hizbollah hevder de kan drepe titusener av israelere

LES OGSÅ: Skepsis til iransk tilbud om stans i anrikning

SISTE NYTT

Siste nytt