NRK Meny
Normal

– Ingen semje om gresk gjeld

Men Eurolanda håpar på ei løysing seinare denne veka. Hellas treng 61 milliardar kroner innan 30. juni for å unngå konkurs.

Grafitti i Hellas

Hellas blir sett på som det «svarte får» i eurosamarbeidet. Samtidig føler mange grekarar at eurolanda straffar dei unødvendig hardt med alle sparetiltaka. Den nye venstreradikale regjeringa i Hellas har lova å reforhandle gjeldsavtalen men møter kraftig motstand frå kreditorane.

Det tok finansministrane berre to timar å fastslå at dei treng meir tid for å gjere seg kjende med eit nytt gresk kompromissforslag, før dei kan halde fram forhandlingane.

– Ingen semje, vi må halde fram forhandlingane, sa den finske finansministeren Alexander Stubb

– Eit nytt møte utan klare greske forslag, sa den tyske finansministeren Wolfgang Schäuble.

Hellas treng låne meir pengar frå kreditorane sine, som inkluderer kollegaene i eurosamarbeidet og det internasjonale pengefondet.

Og det hastar. 30. juni forfell eit lån som kan slå Hellas konkurs. Grekarane har forhandla i fire månadar om ein ny og mindre smertefull gjeldsavtale med EU.

No deal!

«Talk to the hand.» Nederlands finansminister og president i eurogruppa, Jeroen Dijsselbloem, er optimist. Hans tyske kollega er irritert over gresk prokrastinering. I tolvte time kom Hellas med nye forslag til reformer av den skakk-køyrde middelhavsøkonomien.

Foto: JOHN THYS / Afp

Nytt gresk kompromissforslag drøfta

Den greske statsministeren Alexis Tsipras kom i helga med eit nytt kompromissforslag. Men ein gretten tysk finansminister synest det var alt for vagt.

– Vi er i nøyaktig same situasjon som førre torsdag, sa Schauble til nyheitsbyrået Ap.

No skal eurogruppa og IMF sette seg ned å studere kompromissforslaget dei neste dagane.

Den irske finansministeren Michael Noonan seier til nyheitsbyrået Ap at det truleg blir eit nytt møte torsdag.

Stats- og regjeringssjefane i eurogruppa vil likevel møtest seinare i kveld for å diskutere korleis Hellas kan få låne meir pengar frå EU og IMF i byte mot reformer og kutt. Men det er uklart kva som vil kome ut av møtet så lenge ein ikkje har fått behandla kompromissforslaget til Tsipras.

Leiaren for eurogruppa er optimist

Finansminister i Nederland og leiar for eurogruppa var meir optimistisk enn sin tyske kollega. Han meiner forslaget frå Tsipras vil danne grunnlaget for ein endeleg avtale. Den greske børsen steig også i håp om at det no vil kome ei løysing på krisa.

Laster Twitter-innhold

– Ikkje stol på at minibanken vil fungere

Det har samtidig vore kapitalflukt frå greske bankar dei siste dagane. Grekarar har stått i kø for å ta ut sparepengane sine.

Den polske statsministeren råder ferierande polakkar å «ta med seg rikeleg med kontantar» skal dei på gresk ferie.

– Skal du til Hellas på ferie, sjekk situasjonen, den er dynamisk. Ikkje stol på at minibankane vil fungere, sa den polske statsministeren Ewa Kopacz.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt