– Ingen kan stanse Nato-utviding

Natos avtroppande generalsekretær Anders Fogh Rasmussen sa i avslutningstalen sin på toppmøtet i Newport i Wales at ingen land utanfor alliansen har vetorett mot ei utviding av Nato.

Anders Fogh Rasmussen.

Anders Fogh Rasmussen gjorde det klart at ingen tredjeland har rett til å stanse ei NATO-utviding.

Foto: Jon Super / Ap

Fråsegna frå Fogh Rasmussen hadde ei klar adresse til Russland, som har åtvara Nato mot å ta opp Ukraina som nytt medlemsland. Han la ikkje skjul på at Nato har ambisjonar om å utvide austover.

Den avtroppande generalsekretæren sa også i talen sin at medlemslanda er samde om fleire tiltak som skal hjelpe Georgia til raskt å bli medlem av forsvarsalliansen.

Ny hurtigreaksjonsstyrke

Jens Stoltenberg under NATO-møtet i Cardiff

Jens Stoltenberg tek over som generalsekretær i Nato 1. oktober.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Rasmussen sa også at dei 28 Nato-landa er samde om å etablere ein hurtigreaksjonsstyrke, som får namnet Very High Readiness Joint Task Force. Denne styrken skal bestå av mellom 3500 og 5000 soldatar og skal kunne setjast inn i kriseområde i løpet av to dagar.

Styrken blir ein del av Natos eksisterande beredskapsstyrke, som har 40.000 soldatar og ei responstid på mellom fem og 30 dagar.

Anders Fogh Rasmussen sa også at Nato-landa er samde om å samarbeide tett og utveksle informasjon når det gjeld retur av utanlandske krigarar i Midtausten. Han gjorde det også klart at Nato er klar til å hjelpe Irak, om landet skulle be om det.

USAs utanriksminister John Kerry og forsvarsminister Chuck Hagel sa i dag at det ikkje er noko tid å misse til å danne USA vil ha koalisjon mot IS for å ta opp kampen og til slutt knuse trusselen frå Den islamske staten, IS.

LES OGSÅ: Stoltenberg: – Jeg har stor respekt for oppdraget

LES OGSÅ: Finland? Kanskje. Men ikke Sverige

Neste toppmøte i Polen

Donald Tusk

Polens statsminister Donald Tusk meiner at toppmøtet i Wales har gjort tryggingsgarantiane overfor Polen reelle.

Foto: JOHN THYS / Afp

Det neste toppmøtet i Nato blir i Polen i 2016. Det blir det første toppmøtet med Jens Stoltenberg som generalsekretær i forsvarsalliansen. Den tidlegare norske statsministeren tek over som generalsekretær 1. oktober, og han blir introdusert til medlemslanda på toppmøtet i Newport.

Eit toppmøte i Polen blir sett på som ein symbolsk gest overfor landet, som ynskjer ein sterkare Nato-profil i kjølvatnet av Ukraina-konflikten.

Statsministeren i Polen, Donald Tusk, meiner at toppmøtet i Wales har sendt eit klart signal om tryggingsgarantien til Nato overfor Polen, ikkje lenger berre er på papiret. No er det ein realitet, seier han.

– Dette er eit svært kraftig signal, og det er ikkje mogleg for naboen vår i aust å ta lett på det, seier Tusk.

LES OGSÅ: Fogh Rasmussen: – Nato står ved Ukrainas side

LES OGSÅ: Jagland: – Ingen tegn til forsoning

SISTE NYTT

Siste nytt