NRK Meny
Normal

– Ingen god dag for Tyrkia

For dei som stemte nei i folkeavstemminga var dette ingen god dag å vakne opp til. Det sekulære Tyrkia veit ikkje heilt kva som ventar no.

Sezgin Tanrikulu

– Dette er ingen god dag, seier Sezgin Tanrikulu i opposisjonspartiet CHP.

Foto: Ahmet Alguvercin / NRK

Heller ikkje hos det største opposisjonspartiet Det republikanske folkepartiet (CHP) er dette nokon god dag. NRK møter Sezgin Tanrikulu, som er talsperson for CHP.

– Dei to siste månadene før valet arbeidde vi saman med resten av nei-sida for å vinne. Men det blei ein hårfin siger for ja-sida, etter ein urettferdig og uærleg valkamp. Vi vil protestere mot resultatet. Vi har hatt betre dagar enn dette, men vi er ikkje utan håp for framtida, seier Sezgin Tanrikulu.

CHP krev at resultatet frå folkeavstemminga søndag blir annullert fordi verken valkampen eller valet gjekk rett for seg. Og det prokurdiske partiet HDP skuldar regimet for fusk, og har kravd omteljing.

TURKEY-POLITICS-REFERENDUM-VOTE

Tilhengjarar av den tyrkiske presidenten Recep Tayyip Erdogan var i ekstase då dei første resultata frå folkeavstemminga blei kjent.

Foto: OZAN KOSE / AFP

– I går tok valkommisjonen ei avgjerd som er i strid med tyrkisk lov. Ifølgje vallova skal konvoluttar med stemmesetlar utan offisielt godkjenningsstempel ikkje bli godkjende. Når dei no blei det, og oppteljinga heldt fram, er det i strid med vallova. Vi vil følgje opp dette, seier Sezgin Tanrikulu.

– Meiner de i CHP at valet er ugyldig?

– Det er mange spørsmål som melder seg, og må stillast, etter dette resultatet. Dersom valprosessen ikkje er rettmessig, kan heller ikkje resultatet vere det. Og prosessen var ikkje rettmessig, seier Tanrikulu.

Dei internasjonale valobservatørane frå OSSE og Europarådet slo måndag fast at folkeavstemminga ikkje blei gjennomført i samsvar med internasjonale standardar. President Recep Tayyip Erdogan var raskt ute med å avvise kritikken.

Norske Silje Hagerup er med i OSSE sitt observatørkorps. Ho har jobba på den asiatiske sida av Istanbul dei siste tre-fire vekene, og snakka med folk både i ja- og nei-kampanjen. I løpet av valkampen har ho vore til stades på folkemøte med president Erdogan, der han blant anna har uttalt at det å støtte nei-sida er det same som å støtte terroristar.

Under folkeavstemminga søndag opplevde ho ulike typar reaksjonar. I nokre vallokale blei ho og dei andre observatørane avviste, i andre lokale blei dei godt mottatt.

Turkey Referendum Recep Tayyip Erdogan

Recep Tayyip Erdogan talte til støttespelarar i Ankara måndag. Han avviste kritikken frå dei internasjonale valobservatørane.

Foto: Burhan Ozbilici / AP

Sezgin Tanrikulu i CHP meiner observatørane har ei svært viktig oppgåve.

– Eg meiner OSSE har eit ansvar for å sikre at valet kan reknast som gyldig. Dei kom med ein rapport 7. april, der dei sa at valprosessen var urettferdig. Erdogan kritiserte rapporten.

– Eg ser for meg at observatørane sin endelege rapport vil stemme bra med vår oppfatning, seier Tanrikulu.

Observatørane blir i landet til 22. april. Den endelege rapporten kjem om åtte veker.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt