NRK Meny
Normal

– Ingen forstår kva det er som no skjer på Island

Forvirringa er stor etter at Sigmundur Gunnlaugsson likevel ikkje har trekt seg som statsminister på Island. – Det er ingen logikk, for det var jo statsministeren sjølv som foreslo at han skulle gå av, fortel omdømmeekspert Hjörtur Smárason til NRK.

PANAMA-TAX/ICELAND Iceland's Prime Minister Gunnlaugsson speaks to media outside Iceland president's residence in Reykjavik

Forvirringa er stor etter at statsministeren trekte seg. Så trekte han seg ikkje likevel. Det heile var ei misforståing.

Foto: SIGTRYGGUR JOHANNSSON / Reuters

Omdømmeekspert Hjortur Smarason

Hjörtur Smárason er ein profilert omdømmeekspert som arbeider med å betre land sine profilar etter store kriser. Han har tidlegare arbeidd som politisk rådgjevar i heimlandet Island. Smárason meiner regjeringa har store problem med å forklare kvifor den ikkje går av.

Foto: Privat

Timar etter at statsminister Gunnlaugsson trekte seg, kom det ei pressemelding som opplyste om at han ikkje hadde gjort det likevel. Det heile var ei misforståing.

– Eg blir nedringt av medium her i Danmark som lurer på kva det er som no skjer på Island. Einaste eg kan svare er at det er ingen som veit eller forstår, fortel den København-baserte omdømmeeksperten Hjörtur Smárason til NRK.

Trekkjer seg ikkje likevel

I pressemeldinga som vart delt ut til den internasjonale pressen i Reykjavik seint i går kveld, står det å lese at Gunnlaugsson tek ein pause.

– Statsministeren har ikkje trekt seg og vil halde på vervet sitt som leiar av Framstegspartiet (Framsoknarflokkurin).

Samtidig blir det foreslått at nestleiaren i partiet tek over som statsminister i ein «uspesifisert» tidsperiode.

– Klamrar seg til makta

– Regjeringa prøvar desperat å halde på makta. Koalisjonen forhandlar no om korleis dei kan halde fram å styre og kven som skal vere statsminister, fortel kommentator og omdømme-ekspert Hjörtur Smárason til NRK.

– Opposisjonen har gjort det klart at dei krev at heile regjeringa går av og at det blir skrive ut nyval.

Kva er omdømmet til Island no rundt om i verda?

– Det er at du ikkje kan stole på islendingar, dei manglar etikk. Men dette kan vi lett endre på viss regjeringa no går av. For da kan vi vise at dette ikkje er generelle haldningar som alle islendingar har, men noko som var rote i regjeringa.

Egg mot Alltinget på Island

Over 22.000 menneske demonstrerte mot regjeringa i Reykjavik måndag. Det er ca. 10 % av veljarane på Island.

Foto: Ásta Helgadóttir / CC

Det har vore full storm rundt statsministeren sidan søndag kveld, då det vart avslørt at han og kona var eigarar av selskapet Wintris, registrert i skatteparadiset Dei britiske jomfruøyane.

Motstridande meldingar

To motstridande kunngjeringar, ei som seier at statsministeren går av, og ei som seier at han berre tek ein pause, gjer ikkje situasjonen betre.

Johannes Thor Skulason er politisk rådgjevar for Gunnlaugsson, og seier til Morgunbladid at all informasjon som er gitt er teknisk korrekt.

– Det kan godt vere at nokon har misforstått dette. Men det er slik det er, og det er naturleg å forklare dette betre onsdag, seier Skulason.

Da møtes Alltinget igjen.

– Island må rydde opp

TAX-MEDIA-PANAMA-ICELAND-POLITICS

Kor er grunnlova vår, spør ein demonstrant måndag.

Foto: HALLDOR KOLBEINS / Afp

Hjörtur Smárason meiner at ei eventuell ny regjering må rydde opp. For den noverande regjeringa har bremsa opp alle reformer.

– No veit vi kvifor. Det var noko rote i regjeringa. Det var difor dei ikkje implementerte dei nye reguleringane og den nye grunnlova, fortel Smárason til NRK.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt