NRK Meny
Normal

– Inga våpenkvile før Assad går

Den syriske opposisjonen seier at dei vil ikkje gå med på ein fredsprosess som inkluderer Bashar al-Assad.

Mideast Syria Abandoned Homs

ASSAD PÅ OFFENSIVEN: I Homs, 'Revolusjonens hovudstad', vart den siste opprørskontrollerte bydelen teke over av regimestyrker førre veke.

Foto: Uncredited / Ap

Dette understreka visepresidenten i Det syriske nasjonalrådet (SNC) til Al Jazeera i dag, i forkant av eit nytt Syria-møte i det internasjonale diplomatiet, denne gongen i New York.

Meiner at syrarane sjølve må styre prosessen

Den USA-leia koalisjonen har lenge heldt den same linja, men har dei siste månadane opna for at det kan vere plass for Assad i ein overgangsperiode. Spesielt etter at dei har inngått samarbeid med Russland, som har vore ein av Assad sine få allierte og starta luftangrep i landet i september, for å saman bekjempe IS.

MIDEAST-CRISIS/RUSSIA-USA Russian Foreign Minister Lavrov speaks with U.S. Secretary of State Kerry during news conference following their meeting with Russian President Putin at Kremlin in Moscow

KLARE FOR NYTT SYRIAMØTE: USAs utanriksminister John Kerry var i går i Moskva for å snakke med sin russiske kollega Sergei Lavrov. Fredag møtast dei att i New York, der håpet er å kome fram til ein avtale om våpenkvile i Syria.

Foto: SERGEI KARPUKHIN / Reuters

Visepresident i SNC, Naghm al-Ghadri, har ein klar beskjed til dei to stormaktene.

– Om dei vil overvinne terrorisme som dei seier, kvifor ikkje kvitte seg med hovudproblemet, regjeringa som brukar sivile som skyteskive kvar dag?

al-Ghadri meiner at IS berre er eit symptom og at ein bør gå direkte på årsaka; Assad sitt regime. Han understrekar at det er viktig at syrarane sjølve styrer prosessen.

– Alle desse personane som er drepne og millionane som har budd i flyktningleirar dei siste åra, dei gjekk ikkje gjennom alt dette for at det internasjonale samfunnet skal bestemme kva som skal skje i Syria. Vi vil avgjere vår skjebne, uavhengig av deira møter og samtalar.

Parallelt med fredssamtalane i regi av USA og deira allierte hadde ulike syriske opposisjonsgrupper sitt eige møte i Riyadh i Saudi-Arabia i førre veke. Og i går uttalte den saudiske forsvarsministeren at dei har starta ein koalisjon med 33 andre arabiske land for å kjempe mot terrorisme

Assad på offensiven

Assad sine regjeringsstyrker har vore på offensiven etter dei fekk hjelp av russiske luftstyrkar frå 30. september.

Førre veke pressa dei også opprørarane ut frå den siste bydelen dei kontrollerte i Homs, byen der opprøret som seinare vart ein borgarkrig starta for fire år sidan. Og onsdag fekk regjeringa sine styrker kontroll over eit strategisk fjellområde i Latakia-provinsen, ein av Assad sine nøkkelområde.

SYRIA-CONFLICT-HOMS-REBELS

TREKK SEG UT: Bussar evakuerer sivile og opprørarar frå Weir-distriktet i Homs etter at syriske regjeringsstyrker tok kontroll over denne siste opprørskontrollerte bydelen tidlegare denne månaden.

Foto: LOUAI BESHARA / Afp

– I dette augeblikk siktar russiske fly seg inn mot forstader til Latakia, der det ikkje er teikn til verken IS- eller al-Nusra-fronten, kvifor? Det er no klart at intensjonen deira er å treffe syriske opprørarar, ikkje IS eller al-Nusra. Dei prøvar å latterleggjere oss ved å sei at dei angrip IS, seier al-Ghadri.

FN fordømde måndag angrepa på sivile i Syria, dagen etter at fleire enn 50 vart drepne i luftangrep i Damaskus. Ifølge Syrian Observatory for Human Rights har 353 sivile mista livet i luftangrep utført av Assad-regimet og Russland sidan så langt i desember.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt