NRK Meny
Normal

– Ikkje snakk om overgangsperiode før vi er samde om skilsmissa

EUs forhandlingsleiar Michel Barnier gjer det klart at det ikkje er aktuelt å forhandle med Storbritannia om ein overgangsperiode, før dei er samde om detaljane om sjølve skilsmissa.

Michel barnier (t.v.) og David Davis.

Tilsynelatande ein god tone mellom EUs forhandlingsleiar Michel Barnier (t.v.) og Storbritannias brexit-minister David Davis i Brussel måndag.

Foto: Geert Vanden Wijngaert / AP

Det var i ein tale i den italienske byen Firenze sist fredag at Storbritannias statsminister Theresa May bad om ein overgangsperiode på to år etter Brexit , der Storbritannia framleis er med i den indre marknaden i EU.

Då sa ho også at EU-reglane skal gjelde i Storbritannia under overgangsperioden, noko som har vore eit klart krav frå EU.

– Dårleg forhold

Ifølgje den britiske avisa The Independent er forholdet mellom forhandlingsdelegasjonane til Storbritannia og EU dårlegare enn nokon gong tidlegare. Michel Barnier skal ha gjort det klart overfor den britiske delegasjonen at det ikkje blir snakk om å forhandle om ein overgangsperioden, før usemja om blant anna sjølve skilsmissa er løyste.

Theresa May talar i Firenze.

Storbritannias statsminister Theresa May bad i ein tale i Firenze sist fredag om ein to år lang overgangsperiode etter brexit.

Foto: Pool / Reuters

Barnier seier diplomatisk at talen til Theresa May sist fredag var «konstruktiv», men gjorde det samstundes klart i eit møte i EU-rådet for sivile saker at det ikkje blir snakk om å diskutere ein overgangsperiode før dei andre spørsmåla er løyste.

– Det er det mandatet eg har akkurat no, sa han.

– Skal forhandle om overgangsperiode

Den britiske forhandlingsleiaren David Davis seier på si side at det er nettopp ein overgangsperiode dei skal diskutere no.

– Diskusjonen skal handle om overgangsperioden, fordi Storbritannia ber om det. Det betyr ikkje at vi ikkje treng framgang også på dei andre punkta. Framgang på dei andre punkta er viktig for å skape tillit, sa han i EU-rådet.

- Et slikt tap av demokratisk kontroll kan ikke fungere for det britiske folket

VIDEO: Theresa May om brexit

Dei viktigaste spørsmåla i sjølve skilsmisseoppgjeret mellom Storbritannia og EU er rettane til EU-borgarar i Storbritannia og britar i andre EU-land, Storbritannias bidrag til EU-budsjetta og grensa mellom Irland og Nord-Irland.

Tidlegare måndag var ministrar frå dei 27 andre medlemslanda samla i Brussel for å bli oppdaterte av Barnier. Fleire av dei gav uttrykk for ein viss optimisme knytt til signala frå May i talen fredag.

Finansminister Philip Hammond.

Finansminister Philip Hammond vil ikkje seie om han støttar Theresa May som leiar for partiet fram mot 2022.

Foto: Jeff J Mitchell / AFP

Sveriges EU-minister Ann Linde karakteriserer talen til den britiske statsministeren som eit steg i rett retning. Utanriksministeren i Danmark, Anders Samuelsen, seier at han er «forsiktig positiv».

Brexit-seier til Theresa May

Misnøye på heimebane

Samstundes er det mykje som tyder på at fleire framståande politikarar i Det konservative partiet ikkje støttar Theresa May som leiar fram til neste val i 2022. Under ei reise til Skottland ville ikkje finansminister Philip Hammond, på direkte spørsmål, svare på om han vil støtte May.

Theresa May har gjort det klart at ho har ambisjonar om å leie partiet så lenge, og til helga startar partiet sitt landsmøte.

I ei bok som kom ut nyleg blir det hevda at både Philip Hammond, utanriksminister Boris Johnson, Brexit-minister David Davis og innanriksminister Amber Rudd arbeider for å fjerne May som leiar for partiet.

Vil kaste ut østeuropeiske bygningsarbeidere

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt