NRK Meny
Normal

– Dei er idiotar – men ikkje terroristar

To britisk-pakistanske brør vart blankt frifunne for å ha trua med å sprengje eit fly i lufta. – Vel er dei idiotar, men terroristar er dei ikkje, sa fleire av vitna i rettssaka.

Mohammed Safdar (t.v.) og Tayyab Subhani.

Dei to brørne Mohammed Safdar (t.v.) og Tayyab Subhani var glade for frifinninga.

Foto: Chris Radburn / Pa Photos

Dei to brørne, Mohammed Safdar (42) og Tayyab Subhani (30), vart i dag, etter to og ei halv veke med rettsforhandlingar i Chelmsford crown court, frikjende for tiltalen om å ha sett liva til alle bord i eit passasjerfly på veg frå Lahore i Pakistan til Manchester 24. mai i år, i fare.

Dommar Charles Gratwicke brukte harde ord om tiltalen. Han kalla saka mot dei to brørne for «syltynn» og «pepra med sjølvmotseiingar».

Oppfatta som trussel

– Slik dette ser ut, så er det ingen jury som kan finne dei skuldige, sa han blant anna.

Flyet fra Pakistani Airlines på Stansted

Flyet frå selskapet Pakistan International Airlines (PIA) landa på Stansted flyplass utanfor London.

Foto: Chris Radburn / Ap

Brørne var passasjerar på flyet, ein Boeing 777 frå selskapet Pakistan International Airlines, då dei byrja å krangle med ei flyvertinne. Flyvertinna oppfatta det som om dei to brørne trua med å ta livet av alle om bord i flyet ved å sprengje ei bombe.

Brørne var på veg heim til Lancashire i Storbritannia frå gravferda til mor si i Pakistan.

Kapteinen på flyet fekk beskjed om det som vart oppfatta som ein trussel, og rutinemessig melde han frå til kontrolltårnet. To jagarfly frå Royal Air Force gjekk raskt på vengjene og eskorterte flyet til landing på Stansted flyplass utanfor London.

– Oppførte seg som idiotar

Fleire vitne i rettssaka sa at det ikkje var noko tvil om at dei to brørne hadde oppført seg som idiotar, men at dei aldri hadde høyrt snakk om nokon bombetrussel eller trussel om drap.

Flykapteinen, Nadeem Sufi, fortalde i retten at han etter kvart forstod at situasjonen ikkje var så alvorleg, så han bad om at tiltaka som var sette i verk skulle reverserast. Han fortalde då at dei to mennene smilte og lo på plassane sine i flyet. Men då var det for seint å kalle tilbake jagarflya.

Etter vitnemåla i retten i dag gjorde aktor det klart at han trekte saka mot dei to.

Dyr misforståing

– I lys av manglande bevis i saka, er det ikkje lenger føremålstenleg å krevje at nokon skal straffast i denne saka, sa aktor Brian O'Neill.

The Guardian melder at rettssaka har kosta over 300.000 kroner, og at det å sende om jagarfly til å eskortere passasjerflyet skal ha kosta over 400.000 kroner.

Forsvararane til dei to britisk-pakistanske brørne seier at dei to er godt nøgde med utfallet av rettssaka, og at dei er glade for å ha blitt reinvaska for den alvorlege tiltalen.

LES OGSÅ: Trusebombaren dømd til livstid

LES OGSÅ: Dette er mannen USA frykter mest

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt