Hopp til innhold

– Hugs at faren min tok livet av 3000 menneske

Sonen til den colombianske narkobaronen Pablo Escobar meiner faren blir framstilt altfor mildt i Netflix-serien «Narcos». – Han var mykje meir valdeleg enn det TV-serien viser, seier han.

Pablo Escobar var i mange år den mektigaste narkobaronen i Colombia.

Pablo Escobar på fotballkamp saman med kona Victoria Eugenia på ein fotballkamp. Mellom dei sonen Juan i kvit caps). Det er uklart når og kvar biletet vart teke.

Foto: AP

Juan Pablo Escobar, eller Sebastián Marroquín som han kallar seg i dag, er sonen til den verdskjende colombianske narkobaronen Pablo Escobar, som leidde det illgjetne Medellin-kartellet.

Gjennom heile 1980-talet forsynte dette kartellet USA med kokain, og Escobar tente eventyrleg mykje pengar på den ulovlege trafikken.

Han vart drepen i ei skotveksling med politiet i 1993.

– Glorifiserer Escobar

Pablo Escobar i 1991.

Pablo Escobar fotografert to år før han vart drepen av politiet i 1993.

Foto: Ap

I dag bur snart 39 år gamle Sebastián Marroquín i Buenos Aires i Argentina, og han seier i eit intervju med den spanske storavisa El Pais at Netflix-serien «Narcos» på mange måtar glorifiserer den avlidne faren.

– Hugs at faren min tok livet av 3000 menneske. Han var mykje meir valdeleg enn det TV-serien viser. Han terroriserte heile landet, seier han i intervjuet,

Sebastián Marroquín seier at det som forargar han mest er at serien hevdar å vere realistisk, samstundes som faren hans nærmast blir framstilt som ein kul figur.

– Ungdomar frå heile verda tek kontakt med meg og vil vite kva dei kan gjere for å kome inn i narkotika-bransjen. Det verkar som om dei trur at eg sel billettar til denne verda, seier han med sinne i røysta.

– Valdsbruken var verre

Han meiner at serien ikkje har fått med seg at livet til familien inneheldt mykje einsemd, frykt, angst og terror.

– Valdsbruken var faktisk mykje verre enn det serien viser. Ein må vere ansvarleg når ein skal fortelje ei slik historie, og det er fleire tusen offer i Colombia som fortener respekt, legg han til.

Sebastián Marroquín fortel ei historie om ein familie som stadig var på flukt. Det var ikkje noko liv i luksus, seier han, fordi dei heile tida måtte finne ny stader å bu. Dei kunne flytte inn i eit nytt hus på føremiddagen, og så måtte dei flykte til ein annan stad same kvelden.

Pablo Escobar-banner i Medellin i 2015.

Pablo Escobar blir framleis sett på som ein helt av mange i heimbyen Medellin i Colombia. Her frå ei minnemarkering i desember 2015.

Foto: RAUL ARBOLEDA / Afp

Ofte opplevde familien å ikkje ha nok mat, fordi dei var omringa av politiet, eller av det konkurrerande Cali-kartellet.

Tener milliardar på handel med utryddingsgtrua dyr

600 kilo tung safe funnet i Escobars feriehus i USA

Medellin igjen prega av narko-drap

– Forstod alt som skjedde

– I serien blir eg framstilt som eit lite barn, og eg blir yngre og yngre. Men eg var 16 år då faren min døydde. Eg forstod alt som skjedde. Han la aldri skjult på at han var ein forbrytar. VI kunne sjå på TV om ein bombeeksplosjon, og han kunne seie at det var han som hadde planta den bomba, fortel han.

Escobar-sonen fortel at han og mora måtte forhandle med Cali-kartellet, som låg i krig med Medellin-kartellet, for ikkje å bli drepne etter at faren døydde.

Slik ble «El Chapo» større enn Escobar og Capone

Nåtidens «Narcos» virkelige helt

Colombias mest ettersøkte er tatt

SISTE NYTT

Siste nytt