NRK Meny
Normal

– Høyrde høglytt krangling like før drapet

Eit vitne høyrde høglytt og langvarig krangling mellom friidrettsstjerna Osar Pistorius og kjærasten før han skaut henne, fortel ein etterforskar.

Oscar Pistorius i retten i Pretoria, Sør-Afrika

Det var ein nedtrykt og tydlegeg prega Oscar Pistorius som kom til fengslingsmøtet onsdag. Idrettshelten er sikta for drapet på modell-kjærasten Reeva Steenkamp.

Foto: STEPHANE DE SAKUTIN / Afp

Sørafrikanske Pistorius, verdas raskaste mann utan bein,var onsdag tilbake i retten i Pretoria.

Dommaren skal under fengslingsmøtet, som går over fleire dagar, ta stilling til om 26-åringen må tilbringa tida fram til hovudforhandlingane i fengsel, eller om han kan gå fri mot kausjon.

Avgjerda i fengslingsspørsmålet er utsett til torsdag, bestemte dommaren onsdag ettermiddag.

– Høglytt krangling

Reeva Steenkamp og Oscar Pistorius

Oscar Pistorius saman med kjærasten, avdøde Reeva Steenkamp. Biletet er teke i Johannesburg ei veke før drapet.

Foto: STRINGER / Reuters

Pistorius er sikta for å ha skote og drepe kjendis-kjærasten sin Reeva Steenkamp (29) på baderommet i sitt eige hus natt til Valentinsdagen 14. februar.

Ifølgje påtalemakta var drapet både med overlegg og planlagt.

Onsdag gjenfortalde aktoratet og etterforskaren Hilton Botha , eitt av påtalemakta sine vitne i saka, kva som kom fram i avhøyr av naboar og andre som hevdar å ha høyrt eller sett noko drapsnatta.

– Eit vitne høyrde snakking som likna høglytt uavbroten krangling frå to til tre på natta, sa aktor i retten.

Det var kort tid før Pistorius skaut og drap Steenkamp. Eit vitne skal også ha høyrt skot etterfulgt av to-tre kvinneskrik og deretter nye skot.

Etterforskar Botha la fram ufullstendige opplysningar om at Pistorius har vorte arrestert tidlegare for overfall i heimen.

– Eg trur det var ein episode i bustaden hans der han blei arrestert for overfall. Eg kan ikkje hugsa eksakt dato eller tidspunkt, sa aktoratet sitt vitne og la til at Pistorius ikkje blei formelt sikta for hendinga.

Fann ulovleg ammunisjon og testosteron

Siktinga mot Pistorius vil bli utvida til også å gjelda ulovleg våpenhald, opplyser påtalemakta i saken.

– Me fann ei eske med 38 kaliber ammunisjon som han ikkje har løyve for, opplyser Botha i retten.

I ransakinga fann politiet også to testosteron-behaldarar og sprøytespissar på soverommet til idrettshelten.

– Substansen det er snakk om er ikkje steroid, men ein urtemedisin. Han har lov til å bruka det og han har brukt det før seier forsvararen til Pistorius, Barry Roux.

(Artikkelen held fram under biletet)

Familien til Oscar Pistorius i retten

Familien til drapssikta Oscar Pistorius (26) trøystar kvarandre under første dag av fengslingsmøtet.

Foto: STEPHANE DE SAKUTIN / Afp

Fryktar sjølvmord

Tysdag las forsvararen opp erklæringa til Pistorius for retten.

– Ingenting er lenger frå sanninga enn at eg planla drapet på kjærasten min. Eg kan ikkje forstå at eg er sikta for overlagt drap. Eg meinte aldri å drepa henne, lydde Pistorius sine ord.

Det kan ta mange månader før saka kjem opp for retten.

Den tidlegare paralympiske meisteren har sagt seg villig til å levera inn passet sitt for å forsikra påtalemakta og dommaren om at han ikkje har tenkt å fordufta dersom han får tilbringa ventetida fram mot hovudforhandlingane utanfor fengselsmurane.

Påtalemakta fryktar på si side at Pistorius vil rømma eller ta sitt eige liv. Etterforskar Botha viser til at Pistorius har eit hus i Italia og utanlandske bankkonti, og at det blir vanskeleg å få han tilbake til Sør-Afrika dersom han kjem seg ut av landet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Planteikning over huset til Oscar Pistorius

Ein planteikning over huset til Oscar Pistorius blei lagt fram for dommarane under fengslingsmøtet i Pretoria onsdag. Paralympics-stjerna er sikta for å ha skote og drepe kjærasten sin på baderommet.

Foto: STEPHANE DE SAKUTIN / Afp

– Forveksla kjærasten med innbrotstjuv

Den drapssikta mannen gret høglytt under opplesinga, og braut fullstendig saman då han via advokaten erklærte sin kjærleik til den no drepne kjærasten.

Pistorius har erkjent at han losna skota den lagnadstunge natta, men seier han forveksla kjærasten med ein innbrotstjuv.

Ifølgje Pistorius vakna han midt på natta og høyrde lydar frå badet. Han trudde kjærasten låg i senga, og var overbevist om at det var ein inntrengjar som skjulte seg på den andre sida av baderomsdøra.

På grunn av drapstrugslar som var blitt retta mot han, søv han med ein 9mm pistol under senga. Det var med dette våpenet han skaut gjennom døra, for så å innsjå at senga var tom, og at det var kjærasten Steenkamp som segna livlaust om over toalettet.

– Eg prøvde å redda Reeva. Men hø døydde i armane mine. Eg held ikkje ut all smerta eg har valda, sa han i retten i går.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt