Hopp til innhold

– Hillary Clinton og Demokratane har vendt amerikanske arbeidarar ryggen

Den amerikanske politiske guruen Thomas Frank tek eit knallhardt oppgjer med sitt eige parti.

US-HILLARY-CLINTON-MAKES-A-STATEMENT-AFTER-LOSS-IN-PRESIDENTIAL- Hillary Clinton Makes A Statement After Loss In Presidential Election

Nederlaget stod skrive i andleta Clinton-kampanjen, men er dei også i villreie over kva som har skjedd? Historikaren Thomas Frank meiner det.

Foto: JUSTIN SULLIVAN / Afp

Thomas Frank

Thomas Frank signerer boka si til NRK Urix. Han vedgår han er skuffa over å vere «bokseljar» i Noreg, som han kallar det. Helst vil han rådslå med partifellane sine. Men han blir ikkje spurt, fortel han.

Foto: NRK

Det kunne virke som toppfolka til Hillary Clinton var i sjokk, der dei stod bak det som skulle ha blitt USAs første kvinnelege president.

Valnatta vart eit nederlag utan sidestykke i det demokratiske partiet, fortel den venstreliberale historikaren Thomas Frank.

Han var i Oslo for å promotere boka, «Listen, liberal», som freistar å forklare kva som gjekk gale for Hillary Clinton.

– Ho har ein imponerande CV. Senator og utanriksminister. Ho har gått på dei beste skulane i USA. Hillary Clinton var den mest kompetente kandidaten.

No er ho slått av Donald Trump, ein forretningsmann som bur på toppen av ein skyskrapar. Han har ingen politisk erfaring, eller kjennskap til korleis ei regjering fungerer.

Sjå intervjuet med Thomas Frank.

Skuldar på Russland

Trump Putin

I USA blir valnederlaget til Clinton forklart med at Trump fekk hjelp av Vladimir Putin. Dette er ei bortforklaring meiner Frank. E-post skandalen var småtteri samanlikna med skandalane til Trump.

Foto: DON EMMERT / AFP

– Demokratane er overtydde om at dei gjorde ingenting feil. Dei skuldar på Russland. Russiske spionar stal alt frå oss!

– Men det blir jo hevda at Russland var innblanda?

– Ja, det kan vere noko i det, men Trump sine skandalar var mykje større! Du kan ikkje samanlikne e-post skandalen til Clinton med noko av det Trump gjorde!

– Demokratane har mista kontakten med grasrota

– Det uoffisielle slagordet til Clinton-kampanjen var, USA er allereie «great». Heilt opp til valdagen skreiv venane hennar ytringar i avisene om oppgang på børsen og ein økonomi i medvind.

Trump og tilhengarane hans vart stempla som tullingar fordi dei ikkje skjønte dette.

TOPSHOT-US-POLITICS-ELECTION-TRUMP-VOTE-REPUBLICANS

Det at Clinton kalla tilhengarane til trump «deplorable» er eit teikn på at eliten har mista kontakten med grasrota. I staden for å ta vanlege folk på alvor, fokuserte Clinton-kampanjen på kandidaten sin perfekte CV.

Foto: DOMINICK REUTER / Afp

Men som Frank påpeikar i boka si, og til NRK: Dette var folk som snakka om si verkelegheit. For sjølv om tala stemde på eit makronivå, så var det mange som ikkje opplevde denne framgangen i sin kvardag.

Frank blir alvorleg når han snakkar om den amerikanske eliten sin forakt for vanlege arbeidsfolk.

Thomas Frank gjev eit eksempel på kvifor han meiner eliten i USA lever i eit slags ekkokammer.

– Dei er ikkje som meg. Dei gjekk ikkje på ein god skule. Dei jobba seg ikkje opp i systemet. Slik blir det veldig lettvint å hafse av bekymringane til arbeidarklassen, meiner historikaren.

Los Angeles Mayor

Teltbyar som denne i Los Angeles blir meir og meir vanleg i USA. Vanlege arbeidsfolk har ikkje råd til å leige seg ein stad å bu. Gapet mellom fattig og rik aukar. Det er her demokratane har feila meiner Frank, for dei lever saman med eliten i høghusa bak.

Foto: Damian Dovarganes / AP

– Dei lever i ei velståande boble

– Det blir sagt at hovudstaden Washington D.C. er som ei boble. Det er den mest framgangsrike byen i USA. Og dei som bur der forstår ikkje kvifor folk i resten av landet er sinte!

Frank oppfordrar NRK til å undersøke påstanden sin på eiga hand.

– Berre bla i ei kva som helst slags liberal avis, og du vil sjå dei er fullstendig i villreie om kvifor landsbygda stemde på Trump, fortel han. Det einaste svaret dei finn, er at dei må vere rasistar!

250 Million Mansion 5 Questions Bruce Makowsky

Utbyggar Bruce Makowsky viser fram det dyraste palasset som er til sals i Los Angeles for tida. 250 millionar dollar er prisantydninga. Med 12 suitar, 21 bad, 3 gourmetkjøkken, spa og svømmebasseng. Thomas Frank kallar det ein Mick Mansion, noko alle i USA vil ha i staden for meir sosial og økonomisk rettvise.

Foto: Jae C. Hong / AP

Elitens ekkokammer

Frank blir engasjert når vi snakkar om ekkokammeret som har oppstått i den amerikanske eliten.

– Vi skuldar Trump for «fake news», og ideologi. Men demokratane har også sitt ideologiske verdsbilete, og dei kjem seg ikkje ut av bobla si, fortel Frank.

Han ristar på hovudet.

– Middelklassen er i ferd med å ramle saman, og ingen er villige til å gjere noko med det.

Obama Barack Obama, Mark Zuckerberg

Like barn leikar best, meiner Thomas frank, som meiner demokratane er for opptekne med å smiske med høgt utdanna veljarar, enn å ta problema til arbeider- og middelklassen på alvor. På bildet Barack Obama, saman med Facebook-gründer Mark Zuckerberg.

Foto: Jeff Chiu / Ap

Frank meiner Demokratane tek dei fattige sine stemmer for gitt. Dei folka dei verkeleg bryr seg om er andre suksessrike menneske, som finansfyrstane på Wall-Street, og gründerane i Silicon Valley.

– Bodskapen til Obama var håp, no er det desperasjon, det er eigentleg to sider av same sak.

Historikaren frå Kansas smiler oppgitt.

SISTE NYTT

Siste nytt