Hopp til innhold

– Hellas bryt internasjonal rett

– Om nokon hadde bede Noreg om å endre namn og identitet, så hadde de sjølvklart reagert kraftig. Det seier Makedonias statsminister Nikola Gruevski. Identitetsstriden mellom Hellas og Makedonia lever i beste velgåande.

Folkerett i Balkan

SJÅ TV-INNSLAG: Det er mellom anna striden om den historiske arven etter Aleksander den store Makedonia og Hellas kranglar om.

Store og gamle spørsmål om nasjonalitet og identitet vart rippa opp i mellom Makedonia og Hellas då den jugoslaviske føderasjonen braut saman på 90-talet. Den kalde krigen hadde lagt eit lok over dei mange stridane om kva bondebefolkninga på Balkan skulle kalle seg. For Balkan har historisk blitt styrt av store multinasjonale imperium.

Makedonia lausreiv seg frå Jugoslavia i 1991 for å hindre at ungdommane der skulle bli tvinga til å delta i dei blodige krigane i Kroatia og Bosnia. Ein genistrek av ringreven Kiro Gligorov som var finansminister i gamle Jugoslavia. Men uavhengigheita opna opp att stridane frå byrjinga av 1900-talet.

Alle naboland kravde ein bit av den unge nasjonen. Bulgaria som har same språket, hevda makedonarane eigentleg var bulgararar, albanske nasjonalistar ville kappe landet i to og opprette eit stor-Albania og Serbia sende biskopar for å bevise at den makedonsk-ortodokse kyrkja eigentleg var serbisk.

Nasjonale symbol

Men den mest betente striden var med naboen i Sør, Hellas. Grekarane kravde at Makedonia endra flagg og namn.

For flagget var solsymbolet til deira greske helt Aleksander den Store og namnet Makedonia tilhøyrde deira nordlege provins der Thessaloniki er hovudsete.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Statue av Aleksander den store

BYGGJER NASJONALKJENSLE: I Skopje er det sett opp ein stor statue av Aleksander den store. Det provoserer Hellas.

Foto: OGNEN TEOFILOVSKI / Reuters

Flagget vart endra, men makedonarane nekta å endre namnet. For i Makedonia har dei alltid sett på seg sjølv som makedonarar, til trass for at bulgarar, serbarar og grekarar sende lærarar for å overtyde den makedonske bondebefolkninga om noko anna.

Greske politikarar sette konflikten på spissen ved å hevde at Makedonia hadde ambisjonar med å inkludere den greske provinsen Makedonia i eit slavisk Stor-Makedonia

Striden toppa seg med eit mellombels kompromiss i FN i 1995. Makedonia skulle kalle seg FYROM (Former Yugoslavian Republic of Macedonia) til partane hadde funne ei endeleg løysing.

– Det handlar om identitet

Den makedonske statsministeren Nikola Gruevski seier til NRK at alle makedonarar har ein svært dårleg følelse når dei høyrer forkortinga FYROM.

Den amerikanske diplomaten Matthew Nimitz fekk oppdraget med å følgje opp FN sitt arbeid med å finne ei løysing. Men partane stod og står langt frå kvarandre. Hellas krev at naboen i Nord fråseier seg retten til å kalle landet, nasjonaliteten og språket makedonsk. For makedonarane har dette vore fullstendig uakseptabelt.

– Tenk deg sjølv om nokon kom og kravde at Noreg skulle endre namn, nasjonalitet og språk? Det ville føre til kraftige reaksjonar, fortel Gruevski.

Nimitz kom følgjeleg ingen veg som meklar. Sjølv om det ikkje har mangla på namneforslag:

  • Den konstitusjonelle republikken Makedonia
  • Den demokratiske republikken Makedonia
  • Den uavhengige republikken Makedonia
  • Den nye republikken Makedonia
  • Den makedonske republikken Skopje
  • Øvre Makedonia
  • Nordre Makedonia

Forslaget ”Nordre Makedonia” førte til ville protestar frå den bulgarske statsministeren Boyko Borisov, som fryktar eit slikt namn i framtida kan føre til at makedonarane kan gjere krav på Pirin-Makedonia, ein fjellkjede i Vest-Bulgaria med populære skistadar og eit ikkje ubetydeleg mengd personar som hevdar dei er etniske makedonarar.

Namnestriden mellom Hellas og Makedonia har soleis blitt ein gordisk knute, i ein region der det er meir historie enn land.

Hellas blokkerer makedonsk medlemskap

Striden har ulma i bakgrunnen av alle store toppmøte på Balkan, men fekk ikkje praktisk betydning før 2008.

Då var det NATO-toppmøtet i Bucuresti. Albania og Kroatia fekk invitasjon til å bli medlem av NATO. Men Hellas ned veto mot makedonsk medlemskap. Dei grunngav dette med at Makedonia hadde nekta å endre namn.

I gangane vart det snakka om diplomatisk skandale då Makedonia teknisk sett oppfylte krava til å bli medlem. Det var berre namnet som stod i vegen. Den makedonske delegasjonen skal ifølgje nyheitsrapportar ha storma ut av møtet i sinne, men det nektar statsminister Gruevski på.

– Vi sat på gangen og venta. Ingen ville kome å fortelje oss dei dårlege nyheitene. Til slutt kom det nokon og fortalde kva som hadde skjedd. Etterpå hadde vi møter med George W. Bush, den slovenske og tyrkiske statsministeren.

– Kva sa dei til deg?

– Dei var fullstendig skuffa over haldninga til Hellas.

Sidan har Hellas haldt fram med å blokkere NATO søknaden til Makedonia. Sist under NATO toppmøtet i Chicago i mai i vår. Dette til trass for at Makedonia hadde fått medhald i den internasjonale domstolen om at Hellas med dette bryt den midlertidige avtalen frå 1995.

– 15 av 16 dommarane støtta oss. Den eine som var imot var sjølvsagt grekar, fortel Gruevski til NRK.

Byggjer nasjonskjensle i Skopje

Makedonarane har sidan sett i verk eit gigantisk byggeprosjekt i hovudstaden Skopje. Eit førtitals monument og praktbygningar blir reist for å styrke identiteten til den unge nasjonen. Monumenta reflekterer både eldre og nyare historie.

Blant statuane som no tronar ved breddane til elva Vardar er oldtidas Aleksander den Store, og faren Fillip av Makedon, fridomskjemparane Jane Sandanski og Dame Gruev og frå moderne tid er det planlagt ei gigantisk statue av moder Teresa, som vaks opp i ein katolsk albansk familie i sentrum av Skopje.

Spesielt statuane av Aleksander og Filip har provosert grekarane. Dei nyttar same kongar i si nasjonsbygning og protesterer høglydt til sine allierte i NATO og EU.

Amerikanske og norske diplomatar NRK har snakka med, seier makedonarane har fått ei åtvaring om at monumenta i Skopje ikkje bidreg positivt i namnestriden med Hellas.

Den makedonske statsministeren seier til NRK han ikkje har registrert desse signala.

Men Nikola Gruevski meiner det er Hellas som bør få ei åtvaring. For etter dommen i utsegna til den internasjonale domstolen, meiner han landa i NATO bryt folkeretten ved å godta at Hellas blokkerer NATO medlemskapen til Makedonia.

Uro i Makedonia

Samtidig har ei kjensle av at reformer ikkje nyttar gripe makedonarane. Manglande framgang i NATO og EU-integreringa gjer at investorane held seg unna.

Nyleg byrja ungdomsgjengar frå den makedonske majoriteten og albanske minoriteten å gå til angrep på kvarandre. Det var fleire blodige samanstøyt inne på offentlege bussar. Det toppa seg i april med eit grufullt drap der fem makedonarar vart avretta ved ein innsjø i utkanten av Skopje.

Makedonske styremakter skulda straks på radikale muslimar og arresterte fleire muslimske albanarar. Noko som førte til voldsomme protestar i gatene, der tusenvis av etniske albanarar hevda seg diskriminerte. Noko som minna om den uhyggelege opptakta til den korte etniske borgarkrigen i 2001.

Statsminister Nikola Gruevski besøkte nyleg Noreg for å lokke investorar til Makedonia. Men aller mest treng dei ei løysing på namnestriden slik at dei på nytt kan tenne håpet om euroatlantisk integrasjon og ei betre framtid.

SISTE NYTT

Siste nytt