NRK Meny
Normal

– Har fått erstatning for sakna fly

Malaysia Airlines har allereie fått om lag 665 millionar kroner i erstatning etter flyet som forsvann for over to veker sidan, samtidig som søket framleis held fram for fullt.

MALAYSIA airlines MH370 savnet fly

Flyselskapet Malaysia Airlines har alt fått utbetalt erstatning for det sakna flyet.

Foto: STRINGER / Reuters

Det er selskapet Allianz Global Corporate & Specialty som har betalt ut dei fleire hundre millionane til flyselskapet, sjølv om søket framleis held fram for fullt over to veker sidan flyet forsvann.

Det melder den britiske avisa The Telegraph.

Sperra konto

Pengane er sett inn på ein sperra konto, og avtalen er at pengane skal også brukast til utbetalingar til dei sakna sine familiar for å dekke kostnadane deira medan søket held fram.

Utbetalinga skjer i samsvar med standardpolicy, som seier at dersom eit fly er sakna i meir enn to dagar så vert det rekna som øydelagt.

Summen kan stige kraftig

Höegh St. Petersburg

DELTEK I LEITINGA: Det norske skipet St. Petersburg deltek i leitinga etter flyet.

Foto: Höegh

Utbetalingssummen kan kome til å stige kraftig avhengig av korleis leiteaksjonen endar. The Telegraph skriv at ifølgje internasjonale reglar kan dei etterlatne ha krav på i overkant av éin million kroner per passasjer.

Det er no over to veker sidan det malaysiske flyet forsvann sporlaust frå radaren. Flyet skulle etter planen lande i Beijing klokka 06.30, men forsvann etter knappe to timar etter at det tok av frå Kuala Lumpur.

Boeing 777-flyet hadde 239 menneske om bord.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt