Hopp til innhold

– Har aldri vore så redd i heile mitt liv

– Flammane kom mot oss i stor fart. Det var den intense lyden av brannen som kom nærmare som skremde meg mest, men heldigvis snudde vinden, seier norske Ann Ravn Jarlsdatter.

Privat video av brann i Fuengirola i Spania.Norsk kvinne skremt av den intense brannen.

Privat video av brann i Fuengirola i Spania. Norsk kvinne skremt av den intense brannen.

Den norske kvinna opplevde dramatiske timar på garden ho leiger utanfor Fuengirola på Costa del Sol i Sør-Spania i dag. Det er knusktørt i terrenget og temperaturen er oppe i 40 grader på ettermiddagen. Det har ikkje regna i området sidan i mars. Det skal svært lite til å starte ein brann.

Søndag skjedde det, og det skjedde fort. Flammane kom i full fart mot garden, der ho har ansvaret for fire hestar, to hundar, ein gris, to kaninar og 15 kattar.

– Vinden snudde

Ann Ravn Jarlsdatter

Ann Ravn Jarlsdatter hadde ei skremmande oppleving på garden ho leiger i Feungirola i Spania, då ein kraftig brann i terrenget nærma seg husa.

Foto: Privat

– Vi gjorde alt klart til evakuering. Så, då flammane var cirka 30 meter frå oss, så snudde heldigvis vinden. Dermed tok brannen ei anna retning bort frå garden. Det var enormt skremmande, eg har aldri opplevd at ein brann har spreidd seg så fort. Heldigvis var det berre ein lett bris i dag. Hadde vinden vore sterkare, hadde vi ikkje hatt ein sjanse, seier ho til NRK.

Ann Ravn Jarlsdatter fortel at brannvesenet gjorde ein kjempeinnsats og greidde å få kontroll over brannen, blant anna med hjelp frå to brannhelikopter. Sløkkingsarbeidet heldt på til langt ut på kvelden.

– Vi kjenner oss ikkje trygge, vi kjem til å gå brannvakt i heile natt. Det er så tørt i terrenget at berre ein liten gneiste kan starte ein stor brann, legg ho til.

Mange evakuerte

Livredd hest.

Hesten var livredd då flammane nærma seg stallen, fortel Ann Ravn Jarlsdatter.

Garden ho disponerer ligg likte utanfor byen Fuengirola. Det er mange bustadblokker og frittståande bustadhus i området, samt eit stort kjøpesenter. Mange vart evakuerte frå brannen tidlegare søndag.

Det er ikkje berre på Solkysten det brenn. Det er ekstremt tørt og varmt i det meste av Spania, og det har vore store skogbrannar både i det sentrale Spania og i eit område nord for Barcelona.

Det er venta litt kjøligare ver i Spania dei nærmaste dagane, men temperaturane vil framleis vere over 30 grader mange stader. Det vil vere stor skogbrannfare også i tida framover.

SISTE NYTT

Siste nytt