NRK Meny
Normal

– Håpar på vegkart frå Lima til Paris

LIMA (NRK): – Eg håpar vi i løpet av veka blir samde om å leggje eit godt løp for tida fram til den nye internasjonal klimaavtalen skal vere klar. Stemninga er avventande, seier klima- og miljøminister Tine Sundtoft, som no er på plass i Lima.

CLIMATECHANGE-LIMA/ People walk during the U.N. Climate Change Conference COP20, in Lima

Etter fleire dagar med aktivistar til stades har ministrane no starta å kome til klimakonferansen i Lima. I dag kom klima- og miljøminister Tine Sundtoft til byen. Ho håper forhandlingane i Lima skal legge gode føringar for neste toppmøte i Paris.

Foto: ENRIQUE CASTRO-MENDIVIL/Eivind Molde / Reuters/NRK

PERU-COP20-CMP10-KYOTO-PROTOCOL

Ein leiar for urfolk i Panama deltok i diskusjon om urfolks rettar i Lima, saman med klima og miljøminister, Tine Sundtoft.

Foto: EITAN ABRAMOVICH / Afp

Klimaforhandlingane i Lima går no inn i ny fase. I dag er miljøvernministrar frå heile verda på plass for å ta over stafettpinnen frå forhandlingsleiarane. Den såkalla høgnivådelen er dermed i gang.

Klima- og miljøminister Tine Sundtoft kom til Lima i natt norsk tid, saman med fleire stortingsrepresentantar som er med i den norske delegasjonen.

– Er der vi skal vere

NRK møtte henne på veg til konferansesenteret og dei første møta der.

– Stemninga er noko avventande ved inngangen til høgnivådelen. Slik eg opplever det, er vi der vi skal vere på dette tidspunktet. Det er ei større forståing for kva vi må få på plass i løpet av veka – eit godt vegkart frå Lima til Paris, seier Sundtoft.

Den store, internasjonale klimaavtalen skal etter planen vere klar om eitt år, på klimatoppmøtet i Paris. Men grunnlaget må leggjast her i Lima. Fram til no, har forhandlingane gått tregt. Det er store motstridande interesser, ifølge den norske forhandlingsleiaren.

I løpet av veka skal eit utkast til Paris-avtale skal vere klart – det skal også ei skisse til kva som må gjerast i tida fram til møtet i Paris om eitt år.

Reglar for nasjonale utsleppsmål

Blant anna må det lagast eit regelverk for korleis dei ulike landa skal melde inn sine mål for kutt i utslepp av klimagassar. Det skal skje i løpet av første kvartal neste år.

– Det er svært viktig at landa kjem med sine nasjonale utsleppsmål. Vi har tatt til orde for at dette skal skje gjennom ein FN-styrt dialog, slik at det er FN som har ansvaret for å gå gjennom det som blir meldt inn. Dette er viktig for å kunne berekne om summen av kutt er nok til å nå målet om at temperaturen på jorda ikkje skal stige med meir enn to grader samanlikna med førindustriell tid.

Dette er kanskje det viktigaste vi kan få ut av desse dagane i Lima. Eg opplever no at det er litt meir optimisme rundt ei løysing på dette punktet.

Brubyggjar

– Kva er Noreg si rolle her først og fremst?

– Vi har tradisjonelt ei brubyggjarrolle, og den skal vi vidareføre. Vi snakkar med alle, og i førre veke har også dei nordiske landa saman hatt møte med fleire land.

– Kva trur du om utfallet av konferansen fredag?

– Eg håpar vi er meir samde om vegen frå Lima til Paris enn vi var før vi kom hit. Vi må sikre oss ein god prosess gjennom heile 2015.

FNs klimasjef, Christiana Figueres understreka i eit intervju med NRK at utfallet her i Lima er heilt avgjerande.

– Utan suksess i Lima blir det ingen suksess i Paris, det er heilt klart, sa Figueres.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt