– Gud kjem ikkje til å fikse dette, står det over heile framsida til New York Daily News, som er ei av dei største avisene i USA.
Avisa tek dermed til orde for at det må skje politiske endringar for å få ein slutt på dei mange skyteepiosdane i USA.
– Dei preikar om bøn
Både utpå og inni avisa, og på sine eigne nettsider, viser avisa til ulike twittermeldingar frå republikanske presidentkandidatar.
- LES OGSÅ:
Dei fleste kandidatane tyr til bøn og omtanke som respons, og det får avisa til å gå hardt ut mot presidentkandidatane som representerer eit parti som jobbar for å halde ved like dagens våpenlover i USA.
«Medan demokratiske president-wannabes spør etter strengare våpenlovar i kjølvatnet av San Bernardino-massakren, så preikar republikanarane om bøn», skriv avisa.
Donald Trump leiar i kampen om å bli Det republikanske partiet sin presidentkandidat i valet til neste år. I si Twitter-melding ønskjer han politiet lukke til, og gjer dei Guds velsigning.
Jeb Bush er også ein velkjent kandidat framfor presidentvalet neste år, og bror til tidlegare president George W. Bush. Bush skriv at han ber for offera, familiane og dei som først kom til staden kor skytinga fann stad.
Ben Carson har på mange målingar vore den som er nærast Donald Trump, også han sender bøner og tankar i retning offera og familiane deira.
- LES OGSÅ:
Demokratane snakkar om strengare lovar
Avisa samanliknar twitter-meldingane med dei demokratiske kandidatane sine meldingar. Dei bruker massakren som eit døme på at det er på tide med endringar i amerikansk våpenlov.
Hillary Clinton skriv at ho nektar å godta at det er hendingar som i går som skal vere normalen i USA, og at det er på tide å ta grep.
Også Bernie Sanders, ein annan demokratkandidat, skriv at den sjuke og kjenslelause skytinga må stanse.
Og Martin O'Mailey nytta sjansen til å klinke til mot våpenindustriens interesseorganisasjon, National Rifle Association (NRA). Nok er nok, det er på tida å stå opp mot NRA, seier O'Mailey.
Våpendebatten splitter USA
Diskusjonen om amerikanske våpenlover er ei kjent politisk sak i USA, som tydeleg skil dei to partia i landet. Medan Det demokratiske partiet vil innføre strengare lover for kven som kan kjøpe og bere våpen, så vil Det republikanske partiet ha dagens lover.
- LES OGSÅ:
Republikanarane viser til den amerikanske grunnlova, der det står at alle amerikanarar har rett til å bere våpen. Fleire meiner også at det er naudsynt med våpen for å kunne forsvare seg mot angrep, mellom anna slike angrep som i går.
Demokratane meiner på si side at dårlegare tilgang på våpen, og strengare reglar for kven som kan skaffe seg eit våpen, vil få ned mengda massakrar og angrep i USA.
Men sjølv om president Barack Obama er demokrat, og sterk tilhengjar av strengare våpenlover, så har han ikkje fleirtal i den amerikanske kongressen til å få gjennomført slike lovendringar.
- LES OGSÅ: