Hopp til innhold

– Gresk ambassadør drepen av elskaren til kona

Den greske ambassadøren i Brasil, som vart funnen død i ein utbrent bil tidlegare denne veka, vart drepen av ein politimann som hadde eit forhold til kona hans, opplyser politiet i Rio de Janeiro.

Francoise Souza Oliveira ført bort av politiet.

Francoise Souza de Oliveira, kona til den greske ambassadøren, blir ført bort av politiet.

Foto: Stringer / Reuters

Kyriakos Amiridis (59) var på juleferie i Rio saman med kona Francoise de Souza Oliveira (40) då ugjerninga skjedde. Planen var å feriere i heimbyen til kona fram til 9. januar, då dei skulle flyge tilbake til hovudstaden Brasilia.

Kyriakos Amiridis.

Kyriakos Amiridis (59) vart drepen i Rio sist måndag.

Foto: Marcos Correa / AP

Sjefen for drapsavsnittet i Rio-politiet, Evaristo Pontes, sa på ein pressekonferanse i natt norsk tid at drapet skjedde måndag.

– Kjende til planane

Ambassadøren vart meldt sakna av kona tysdag denne veka, og torsdag vart han funnen død i den utbrende leigebilen dei brukte. Bilen vart funnen under ei bru i eit belasta område i den brasilianske storbyen.

Kona og politimannen (29) er arresterte saman med den 24 år gamle nevøen til politimannen, som er mistenkt for å ha delteke i drapet. Kona nektar for å ha vore med på sjølve drapet, men har vedgått at ho kjende til planane.

Kona og politimannen har vedgått at dei har hatt eit forhold.

Ambassadør funnen drepen i Rio.

Ambassadøren vart funnen drepen i denne bilen under ei bru i Rio.

Foto: Ricardo Moraes / Reuters

Den 40 år gamle kvinna fortalde først at ambassadør-mannen hadde reist frå husværet dei disponerte i Rio i leigebilen, og at ho melde han sakna då han ikkje kom heim.

Under det første avhøyret sa ho mot seg sjølv fleire gonger, opplyser politiet, og då liket til ektemannen vart funne vart ho henta inn til nye avhøyr. Det vart funne restar av blod i ein sofa i husværet ambassadørparet budde i, og deretter vart politimannen Sergio Gomez Moreira arrestert.

– Betalte nevøen

Politisjef Evaristo Pontes seier at Moreira skulle betale nevøen vel 200.000 kroner for å hjelpe til med å ta livet av den greske ambassadøren. Han har tilstått at han var i fysisk kamp med Kyriakos Amiridis, og at han hadde kvelt han i sjølvforsvar.

Kyriakos Amiridis vart utnemnd til gresk ambassadør i Brasil tidlegare i år. I perioden 2001 til 2004 var han gresk generalkonsul i Rio, og det var då han møtte Francoise de Souza Oliveira. Dei har ei ti år gammal dotter saman.

Ei gruppe greske politimenn har reist til Rio for å hjelpe til i etterforskinga, og den greske ambassadøren i Argentina har reist til Brasilia.

– Utløyst av lidenskap

Brasils president Michel Temer har sendt eit brev med sine kondolansar til den greske regjeringa, der han også gjer det klart at dette drapet er eit isolert tilfelle som ikkje har noko med narkotika eller gjengkriminaliteten i Rio å gjere.

Temer seier at «drapet var ei «feig handling utløyst av lidenskap».

SISTE NYTT

Siste nytt