NRK Meny
Normal

– Gjerningsmennene filma dobbeltdrapet

Göteborg (NRK): Dei to personane som i går skaut rundt seg på ei kro i Göteborg filma angrepet, seier vitne til Expressen. Politiet vil ikkje stadfeste opplysingane til NRK.

En peson ligger død under et pledd etter et gjengoppgjør onsdag i Göteborg

Ein død person ligg under eit pledd utanfor kroa der to gjerningsmenn skaut rundt seg. Angrepet skal ha blitt filma av gjerningsmennene sjølve.

Foto: BJÖRN LARSSON ROSVALL / TT / NTB scanpix

Det er kjelder som Expressen har vore i kontakt med som hevdar at gjerningsmennene hadde med seg kamera og filma det som skjedde då dei skaut rundt seg på ei kro på Hisingen i Göteborg.

Blomar - Dobbeltdrap i Göteborg - Hisingen

Mange har lagt ned blomar på staden der to menn vart drepne i går.

Foto: Elise Hazel Asbjørnsen / NRK

– Endå meir usmakeleg om det stemmer

To menneske døde og minst åtte vart skadde, fleire av dei alvorleg skadde, under angrepet.

Svensk politi vil ikkje kommentere påstandane når NRK spør dei fredag morgon, men seier at om opplysingane er riktige, så vil det gjere angrepet endå meir usmakeleg enn det allereie er.

I går sa politisjef i Vest-Sverige, Klas Friberg, at det var eit kjenslelaust og uakseptabelt angrep.

Starta som eit kjærleiksdrama

To personar vart drepne i gårsdagens angrep. Ein av dei hadde reint rulleblad og var tilsett ved kroa. Den andre var godt kjent for politiet.

Blodpøl - Dobbeltdrap Hisingen - Göteborg

Ein blodpøl er bevis på angrepet som skjedde her på Hisingen onsdag kveld.

Foto: Adam Ihse / NTB scanpix

NRK får i dag opplyst at den eine omkomne nyleg hadde blitt utpeikt som leiar for ein gjeng i Göteborg, og difor står denne gjengen no utan leiar. Det vert også påstått at den eine av dei drepne i gårsdagens angrep kjenner ein av dei som vart drepen i eit trippeldrap i Uddevalla i førre veke.

Ifølgje Expressen skal gjengoppgjeret ha starta med eit trekantdrama, der eit gjengmedlem tok kjærasten til eit anna gjengmedlem. I ettertid har sjalusien gått over til å bli ein blodig hemnkamp mellom dei to gjengane.

Tre personar arresterte

Tre personar er arresterte, men politiet kan ikkje seie noko om desse er ansvarlege for angrepet. Dei tre er mistenkte for grove brot på våpenlova. Politiet har sterke mistankar om kven som står bak, og jakta på dei skuldige held fram.

Åtte personar er framleis på sjukehus med skadar. Alle er menn mellom 20 og 60 år.

I dag kjem statsminister Stefan Löfven til Hisingen, og der vil han møte mange som støtter han, men også mange som er sinte for det dei meiner er manglande oppfølging frå politikarane.

Mange av dei NRK har snakka med er særs uroa for utviklinga, og vil at styresmaktene hjelper fleire ungdom inn i arbeid, og at tilgangen av narkotika inn i landet vert stoppa.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt