Regjeringssoldatar gjekk saman med allierte militsgrupper til ein militær offensiv i den oljerike delstaten. Det har vore borgarkrig i Sør-Sudan sidan desember 2013, ein open strid mellom soldatar som er lojale til president Salva Kir og opprørsstyrkar som støttar den tidlegare visepresidenten Riek Machar.
– Angrepa på sivile og den omfattande brenninga og plyndringa av eigedom i den siste offensiven, kan vere krigsbrotsverk. Drapa og valdtektene kan også kom inn under kategorien «brotsverk mot menneskeslekta», heiter det i ei fråsegn frå Human Rights Watch.
Avviser alt
– Brutale angrep mot flyktande sivile kombinert med omfattande nedbrenning av landsbyar, mat og andre ting menneske treng for å overleve, tyder på at regjeringa sitt mål var tvinge folk bort frå heimane sine, seier Afrika-direktør i Human Rights Watch (HRW), Daniel Bekele.
Ein talsmann for den sørsudanske presidenten, Ateny Wek Ateny, seier at regjeringa kategorisk avviser alle skuldingar frå HRW om brot på menneskerettane, drap og valdtekter. Han seier at det dei er skulda for aldri har skjedd.
– Om det kom fram at våre regjeringsstyrkar har gjort seg skuldige i krigsbrotsverk eller brotsverk mot menneskeslekta, så ville dei straks ha blitt stilte til ansvar, seier Ateny i ein E-post til nyheitsbyrået Reuters.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Mange sivile drepne
Rapporten frå HRW, som har fått namnet «They Burned it All» (Dei brende alt), er basert på intervju med 170 offer og augevitne. Dei har fortalt at minst 60 sivile, mange av dei born og eldre, vart drepne under offensiven.
– Dei køyrde etter folk med tanks, og etter å ha køyrt over dei, så rygga dei over dei igjen for å vere sikre på at dei var døde, fortel ei kvinne i rapporten.
Over er 60 kvinner vart valdtekne, og det vart mange gjengvaldtekter, går det fram av rapporten. Berre ei av kvinnene som overlevde fekk tilbod om legehjelp.
– Jenter og kvinner sit att med byrdene av denne brutale offensiven, etter at dei vart utsette for valdtekter, bortføring, valdsbruk og slavearbeid, seier Daniel Bekele i Human Rights Watch.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: