NRK Meny
Normal

– Gislane i Roubaix kom seg unna

Fleire væpna menn tok i kveld fleire gislar og forskansa seg i eit hus i den franske byen Roubaix. Regionavisa Ouest-France melde klokka 22.20 at alle gislane har kome seg ut av huset.

Politiaksjon i Roubaix.

Store politistyrkar har sperra av eit stort område i den franske byen Roubaix i kveld.

Foto: PASCAL ROSSIGNOL / Reuters

Avisa skriv også at ein gjerningsmann skal være drepen, medan andre skal ha greidd å komme seg unna.

Politikjelder sa tidlegare i kveld til fjernsynsstasjonen BFM at det ikkje var snakk om ein gisselsituasjon, men avisa Le Monde har fått stadfesta frå andre politikjelder at fleire personar var tekne som gislar.

Fleire andre nyheitskjelder melde også at det var snakk om ein gisselsituasjon, men det har ikkje kome ei offisiell melding om det frå politiet. Roubaix ligg like nord for byen Lille, ikkje langt frå grensa til Belgia.

Heile området rundt ein bensinstasjon var sperra av, opplyser politiet. Fleire personar skal vere skotne og såra, men det er uklart om det er politifolk eller andre.

Kjelder i politiet seier til Reuters at situasjonen truleg ikkje har noko samband med terrorangrepet mot Paris fredag for vel ei veke sidan. Dei meiner det er snakk om eit ran.

Laster Twitter-innhold
Poltiaksjon i Robuaix.

Politiet har sett inn store styrkar i aksjonen mot ei gruppe væpna menn i byen Roubaix nær grensa til Belgia.

Foto: KirstetterPY

Vegsperring

Meldingane frå Roubaix er ikkje eintydige, men mykje tyder på at politiet rykte ut etter meldingar om eit ran. Gjerningsmennene skaut mot politiet før dei forskansa seg i eit hus. Fleire franske nyheitsmedium melde at familien som bur i huset, var tekne som gislar, men dette har politiet seinare avvist.

Politikjelder sa tidlegare i kveld til Reuters at ein bankdirektør og familien hans vart haldne som gislar. Både ambulansetenesta og brannvesenet stadfesta at ein aksjon var i gang i Roubaix.

Politiaksjon i Roubaix

Politiet har sperra av heile området rundt bensinstasjonen der fleire blir haldne som gislar.

Foto: Kristetter/PY

Høyrde skotveksling

Fleire vitne fortel at dei høyrde ei skotveksling ved 19-tida. Ordføraren i Roubaix seier til Le Figaro at det var snakk om fleire væpna gjerningsmenn.

Laster kart, vennligst vent...
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt