Hopp til innhold

– Fyrte laus i over ni minutt utan stans

Massedrapsmannen Stephen Paddock hadde plassert kamera både inne på hotellrommet og utanfor. Han skaut samanhengande i ni minutt før det vart stille, opplyser politiet i Las Vegas.

Sheriff Joe Lombardo i Las Vegas.

Sheriff Joe Lombardo sa på ein pressekonferanse tysdag kveld norsk tid at Stephen Paddock skaut samanhengande i over ni minutt

Foto: Ethan Miller / AFP

Sheriff Joe Lombardo fortalde på ein pressekonferanse i kveld norsk tid at det føderale politiet FBI er i ferd med å gå gjennom video-materialet frå hotellrommet, men han kunne ikkje gi detaljar om det.

Politiet veit ikkje kvifor han hadde sett opp så mange kamera og kva han eventuelt skulle bruke opptaka til. Han plasserte blant anna eit kamera i ei matvogn i korridoren utanfor rommet sitt, og dette kan ha vore for at han kunne sjekke når politiet nærma seg.

– Berga mange liv

Bilete frå sosiale medium av Stephen Paddock

Stephen Paddock tok livet av minst 59 menneske og såra over 500 i skytemassakren i Las Vegas måndag.

Foto: Handout / Reuters

Lombardo retta også stor takk til politiet og brannvesenet for deira innsats for å stanse angriparen. Han gjorde det klart at innsatsen deira hadde berga mange liv, utan at han konkretiserte dette nærmare.

Det kan tolkast som at Paddock heldt fram med å skyte heilt til politiet var på døra hans, og då retta han våpenet mot seg sjølv. Tidlegare har politiet opplyst at han skaut samanhengande i fem minutt, men i dag sa sheriff Joe Lombardo at skytinga heldt på i over ni minutt.

Motivet for ugjerninga er framleis ei gåte. Terrororganisasjonen IS har teke på seg skulda for massakren, men det er hittil ikkje noko som tyder på at massedrapsmannen hadde noko med organisasjonen å gjere, eller at han sympatiserte med dei.

– Eineståande samarbeid

Las Vegas-sheriffen sa også at samarbeidet mellom politiet, brannvesenet og tryggingsvaktene på hotellet det vart skote frå, var eineståande

Sheriffen sa også at Stephen Paddock knuste vindauget på rommet sitt heilt inn til naborommet, truleg for å gjere det vanskeleg for politiet å skyte mot han utanfrå utan å setje andre i fare.

Lombardo sa også at frivillige alt har gitt 3,7 millionar dollar i donasjonar til offera etter massakren på countryfestivalen i Las Vegas.

Sende pengar til sambuaren

Tidlegare i dag melde NBC News at Stephen Paddock hadde overført 100.000 dollar til sambuaren sin filippinske bankkonto. Sambuaren oppheld seg på Filippinane, men kjem etter planen tilbake til USA onsdag. Politiet seier dei har vore i kontakt med henne, men at ho ikkje er mistenkte.

Sheriff Lombardo seier at ho er ein «interessant person» i etterforskinga.

Politiet har i dag gått gjennom fleire av eigedomane til Paddock, og der har dei funne store mengder våpen, ammunisjon og bombemateriale

Angrepet i Las Vegas måndag blir karakterisert som det verste i USA sidan krigen.

Stephen Paddock (64) skjøt konsertgjengere fra hotellrommet i 32. etasje

SISTE NYTT

Siste nytt