Hopp til innhold

– Fryktar lovendring vil gi fleire tyrkiske barneekteskap

Advokaten og barnerettsforkjemparen Cecilia Dinardi er sterkt uroa over ei foreslått lovendring i Tyrkia, som opnar for at den seksuelle lågalderen i landet i praksis kan bli på 12 år.

Debatt fra Dagsnytt 18.

VIDEO: Sjå innslaget frå Dagsnytt 18.

I Dagsnytt 18 i kveld sa Dinardi at ho er djupt uroa over utviklinga i Tyrkia. Ho viser til at det alt i dag er svært mange barneekteskap i landet, noko som har kome fram i rapportar både frå 2011 og 2013. No fryktar ho at endå fleire småjenter kan bli tvungne til å gifte seg.

Ho meiner dette handlar om tradisjon og sosioøkonomiske forhold, og om manglande kunnskap om kor skadeleg seksuelt samkvem og graviditet er for 12-åringar.

– Omfattande praksis

Morten Myksvoll

Morten Myksvoll er Tyrkia-ekspert og redaktør for nettstaden tyrkiskpolitikk.no

Foto: Privat

Tyrkia-ekspert Morten Myksvoll seier det er all grunn til å tru at barneekteskap er ein svært omfattande praksis i landet. Han forklarar dette om endringa i lova som den tyrkiske grunnlovsdomstolen har gjort.

– Den seksuelle lågalderen i Tyrkia er i dag 18 år, men lova opnar for at alderen kan vere 15, om det er snakk om samtykke. Det har vore reaksjonar på at lova ikkje skil mellom ein fireåring og ein 14-åring, og grunnlovsdomstolen har altså fjerna denne paragrafen. Dermed blir den seksuelle lågalderen i realiteten 12 år, seier han.

Det er no opp til det tyrkiske parlamentet å lage ei ny lov på dette feltet. Det er venta at dette vil skje i løpet av hausten eller vinteren.

– Feil tolking

Tyrkiske styresmakter seier at ei slik tolking av vedtaket i grunnlovsdomstolen er feil, og avviser skuldingar om at landet har senka den seksuelle lågalderen til 12 år. Myksvoll og Dinardi meiner likevel at dette er realiteten av lovendringa.

Den tyrkiske utanriksministeren Mevlut Cavusoglu har gått sterkt ut mot den svenske kollegaen sin, Margot Wallström, etter at ho kritiserte avgjerda i den tyrkiske grunnlovsdomstolen.

Morten Myksvoll, som er redaktør for nettstaden www.tyrkiskpolitikk.no, fortel at vedtaket i den tyrkiske grunnlovsdomstolen har vekt svært lite debatt internt i Tyrkia. Han trur årsaka til det er at vedtaket vart gjort 14. juli, dagen før kuppforsøket . Sidan har kuppforsøket vore den store saka i tyrkisk politikk.

Han trur likevel at debatten om lovforslaget vil ta seg opp når parlamentet kjem i gang med behandlinga av saka.

Truer med å skrote flyktningavtalen med EU

SISTE NYTT

Siste nytt