Kritikken er «politisert», ifølgje ei utsegn frå Russlands utanriksdepartement tysdag der valet også blir kalla «fritt og ope».
Berre fire personar som ikkje er med i partiet til president Aleksandr Lukasjenko, klarte å kome inn i nasjonalforsamlinga i Kviterussland i valet i helga.
Alle fire lova likevel i valkampen å støtte politikken til Lukasjenko, meldte det russiske nyheitsbyrået Interfax. Forsamlinga har totalt 110 medlemmer.
Styresmaktene oppgav at deltakinga var på 74,3 prosent i valet, trass i mange indikasjonar på eit langt lågare oppmøte.
Opposisjonen, som oppfordra til boikott av valet, meiner oppmøtet i realiteten låg nærmare halvparten av dette talet. Dersom oppmøtet hadde vore under 50 prosent, skulle det blitt heldt på nytt.
- LES ÒG:
- LES ÒG:
(NPK)