Hopp til innhold

– Frikjenninga eit nederlag for domstolen

Det hagla med kritikk mot FN-tribunalet i Haag, som i dag frikjende den serbiske ultranasjonalisten Vojislav Seselj. No siktar han mot ein plass i den serbiske nasjonalforsamlinga.

WARCRIMES-SESELJ/ Serbian nationalist leader Seselj speaks during a news conference in his Radical party headquarters in Belgrade

Vojislav Seselj erklærte at han ikkje føler skuld for noko ugjerning under krigane på 90-talet i Det tidlegare Jugoslavia.

Foto: STRINGER / Reuters

– Vi forstår at mange offer og lokalsamfunn er skuffa i dag, skriv aktoratet ved Tribunalet for det tidlegare Jugoslavia i ei utsegn i dag.

Men aktoratet lova å vurdere nøye om det var grunnlag for ein anke.

Feiring i Beograd

Serbia War Crimes

Ein tilhengar med Putin-maske feirar frikjenninga i utanfor hovudkvarteret til Det serbiske radikale partiet i Beograd.

Foto: Marko Drobnjakovic / Ap

Samtidig i Beograd feira tilhengarane til nasjonalisten i Beograd. Seselj er leiar for det Serbiske radikale partiet han grunnla i 1991.

Partiet mista plassane sine i nasjonalforsamlinga under valet i 2012, etter at noverande president Nikolić og statsminister Vučić braut ut og danna sitt eige parti i 2008.

Les også: Vojislav Seselj frikjent på alle punkt etter 11 år i varetekt

Les også: Karadzic dømt til 40 års fengsel for folkemord

Før frikjenninga låg Seselj an til å gjere comeback i rikspolitikken. For mange er han faneberar for motstanden mot Nato og EU.

Tilhengarane hans blir ofte sett med bilete av Vladimir Putin.

No har han ikkje lenger tiltalen hengande over seg når det er val 24. april

BOSNIA-SREBRENICA/ Wider Image - Srebrenica - Mass Graves Twenty Years On

Ei massegrav blir opna i landsbyen Zvornik, Bosnia. Dei paramilitære styrkane til Seselj blir skulda for grufulle ugjerningar her, men domstolen kunne ikkje bevise at det var på direkte ordre frå den tiltalte.

Foto: DANILO KRSTANOVIC / Reuters

– Reinvaska

Vojislav Seselj erklærte i dag at han var reinvaska etter frikjenninga. Tre av dei ni tiltalepunkta gjaldt brotsverk mot menneskeslekta.

– Etter så mange rettssaker mot uskuldige serbarar, viste to dommarar at ære og omdømme står over politikk, uttalte Seselj i dag, ifølgje Balkan Insight.

Fleirtalet av dei tre dommarane meinte det mangla bevis.

– Eg føler ikkje skuld for noko av det som skjedde på 90-talet, sa Seselj i dag.

– Storserbia er ein udødeleg idé

Seselj vil framleis arbeide for eit Stor-Serbia, som har vore kampsaka hans sidan dei blodige krigane på 90-talet.

– Storserbia er ein udødeleg idé, sa han i dag under ein pressekonferanse.

Ifølgje tiltalen fremja Seselj gjennom partiet sitt, Det serbiske radikale partiet, ein politikk der alle serbarar skulle bli samla i ein homogen stat, «Storserbia.»

Ein politikk aktoratet meinte fremja etnisk reinsing av landsbyar, plyndring, massedrap og massevaldtekter.

SERBIA WAR CRIMES

Demonstrasjon til støtte for Seselj i 2006. Den tiltalte sveltestreika medan han sat i varetekt i Haag. Han fekk reise til Serbia for kreftbehandling i 2014, og har ikkje returnert til cella sidan.

Foto: SRDJAN ILIC / AP

– Pinleg av domstolen

Den kroatiske statsministeren kalla i dag frikjenninga, pinleg og eit nederlag for tribunalet.

– Han har aldri vist anger for noko av det han har gjort, sjølv ikkje i dag. Dette er ein mann som har brent flagga til Kroatia og EU, sa den kroatiske statsministeren Tihomir Oreskovic.

I valkampen i vår har Seselj delteke i valmøte der mellom anna EU-flagget har blitt brent. Han har sagt at han ikkje vil sitte i ein regjeringskoalisjon som søker EU-medlemskap.

– Vi veit sanninga

Manda Patko, som var enke etter ein kroatisk mann som vart fengsla og drepen da serbiske styrkar angreip byen Vukovar i 1991, fortel til Balkan Insight at ho er sjokkert over dommen.

– Eg var i den delen av byen der Seselj og krigarane hans utførte krigsbrotsverk. Eg er overraska, for vi veit sanninga, fortel ho til Balkan Insight i dag.

– Mangla bevis

I frikjenninga skriv tribunalet at prosjektet med å skape eit Storserbia, var ein politisk plan, ikkje noko kriminelt.

Under krigen leia han paramilitære grupper, som var kjende for grufulle overgrep mot sivile i byar og landsbyar som Vukovar, Sarajevo, Zvornik og Mostar.

Men domstolen meiner han hadde «akseptable» grunnar til å sette inn paramilitære frivillige for å beskytte sivile serbarar.

Dette meiner den røynde Balkan-journalisten Tim Judah er ei grunngjeving som ikkje held vatn.

– «Akseptable grunnar» til å seie at Seselj sette inn paramilitære styrkar for å beskytte sivile, tek tribunalet inn i landskapet til fantasien, skreiv Judah på Twitter.

– Leiarane går fri

Dommar Jean-Claude Antonetti, sa at partiet til Seselj aktivt rekrutterte frivillige til dei paramilitære gruppene, men at ein ikkje kunne bevise at dei tok imot direkte ordre frå den tiltalte.

– Vojislav Seselj er no ein fri mann, sa Antonetti.

Ifølgje statsvitaren Eric Gordy, viser frikjenninga at Tribunalet for det tidlegare Jugoslavia har blitt ein institusjon som dømmer fotfolket, medan dei på toppen går fri.

Serbia War Crimes Seselj Vojislav Seselj

Seselj støtta Saddam Hussein under invasjonen av Irak i 2003.

Foto: MIKICA PETROVIC / Ap

Risikerte 28 år i fengsel

Seselj melde seg sjølv i 2003, og sat dei neste elleve åra fengsla i Haag. Da han fekk ein kreftdiagnose fekk han reise tilbake til Serbia for behandling i 2014.

Seinare nekta han å returnere til Haag, og han avviste til og med tilbodet om å følgje rettsmøtet via videolink.

Tribunalet har bedt Serbia om å utlevere fleire av partifellane til Seselj, som dei meiner har trua og betalt vitne i saka.

Til saman 99 vitne vart høyrde i saka, som har blitt utsett fleire gangar. Seselj risikerte 28 år i fengsel.

Samarbeida med Milosevic

Seselj hadde eit stormfullt samarbeid med Slobodan Milosevic på 90-talet. Han var med på å piske opp den nasjonalistiske stemninga i landet, og hjelpte til med å kneble pressen.

Men han hamna også unåde, før han fekk delta i ei samlingsregjering då konflikten i Kosovo blussa opp på slutten av 90-talet.

Da nytta han posisjonen sin til å true journalistar og hjelpearbeidarar.

SISTE NYTT

Siste nytt