Hopp til innhold

– French skulle vore pliktig å donere alt han tener på foredrag

Det vekker sterke kjensler at Joshua French no reiser på turné for å fortelje sin versjon om kva som skjedde i Kongo. Det er særskild jobben han har gjort for offiserar i lokale opprørsgrupper som fell mange tungt for brystet.

Portrett av Joshua French i blå og rød overdel

Joshua French sat fengsla i Kongo i åtte år. No fortel han sin versjon av det som hendte på ein føredragsturné rundt om i Noreg. Det er det fleire som reagerer på.

Foto: Marte Christensen / NTB scanpix

– Me jobbar livet av oss for å skrape saman pengar til å drive barneheim i Kongo, og så reiser andre nordmenn ned og er ein av årsakene til at me er nøydde til å hjelpe desse barna, seier barneheimsstyrar Tommy Rasmussen om Joshua French.

Rasmussen driv organisasjonen New Chance som eig ein barneheim i Aust-Kongo, og har den siste tida latt seg provosere av Joshua French, som han meiner står i ledtog med ein av dei verste militsleiarane i Kongo.

Tommy Rasmussen

Tommy Rasmussen i den vesle organisasjonen New Chance meiner Joshua French bør gje pengar frå sin føredragsturné til hjelpearbeid i Kongo.

Foto: New Chance

NRK har i det siste skrive korleis ein lokalt tilsett i Rasmussens organisasjon har blitt sett på ei «dødsliste» av ei lokal militsgruppe, og korleis valdtekter og halshogging pregar Kongo for tida i forkant av valet som skal avviklast 23. desember.

Barnesoldatar og valdtekter

Ei av opprørsgruppene som opp gjennom åra har fått mest merksemd er M23, som vart leia av krigsherren Laurent Nkunda. I filmen «Mordene i Kongo» vert Laurent Nkunda nemnt fleire gonger, og det er spesielt Tjostolv Moland som skal ha sett opp til opprørsleiaren då han leia opprørsgruppa CNDP.

Også i eit lydopptak som VG har fått tilgang til skal dei to ifølge avisa ha sagt at dei var på oppdrag for Nkundas milits då dei vart arrestert for drap på sin eigen sjåfør, Abedi Kasongo. French har tidlegare fortalt i NRKs podkast «To kvite menn» at han og Moland var på oppdrag i Kongo. Og under rettssaka i Kongo sa Moland at han støtta Nkunda.

– M23 er ein av dei største bidragsytarane til folkemordet i Kongo, seier Rasmussen, som meiner det som skjedde i Aust-Kongo også kan kallast eit folkemord, slik som folkemorda i nabolanda Burundi og Rwanda.

French har aldri blitt skulda for å jobbe for M23 – ei gruppa som vart danna då han sat i fengsel – men for CNDP, som altså vert omtalt som ein forløpar til M23. Laurent Nkunda leia begge militsane, og han er skulda for tusenvis av drap i Aust-Kongo og også for at fleire hundre tusen vart drivne på flukt.

– Ulovleg og grovt uetisk

Fleire andre reagerer også på kombinasjonen av French som leigesoldat og seminarhaldar.

I ein kommentar i Bistandsaktuelt skreiv nyleg leiar av Nobels Fredssenter og tidlegare generalsekretær i Norsk Folkehjelp, Liv Tørres, at historia om French som «reiser rundt som leigesoldat på jakt etter action umogleg kan skildrast som ei heltehistorie».

Johan Hermstad

Johan Nordgaard Hermstad er ein av fleire kritikarar til Joshua French. Han meiner det French har gjort er djupt uetisk, og at det burde vore rom for å stille kritiske spørsmål når han held føredrag.

Foto: Fellesrådet for Afrika

Ein annan som slår med breisida til i debatten om French er dagleg leiar Johan Nordgaard Hermstad i menneskerettsorganisasjonen Fellesrådet for Afrika.

– Det er ikkje kult å vere leigesoldat i Kongo. Det er ulovleg, grovt uetisk og har farlege uetiske konsekvensar for fred og menneskerettar. Norske leigesoldatar har inga forutsetnad for å bidra til konfliktdemping, men berre til meir liding, seier Hermstad.

Han meiner det er djupt problematisk at French ikkje opnar opp for kritiske spørsmål på sin turné.

DRCONGO-UNREST-REBELS- -

Ein soldat som kjempa for CNDP, ei tidlegare kongolesisk opprørsgruppe Joshua French og Tjostolv Moland skal ha hatt kontakt med. French har innrømma at han har teke oppdrag for personar som var knytt til gruppa.

Foto: ROBERTO SCHMIDT / AFP

– Burde donere alt

Tommy Rasmussen har drive barneheimen New Chance sidan 2009 der det bur 60 barn, og i tillegg hjelper barneheimen 60 foreldrelause barn som bur i fosterheimar.

– Det går nesten ikkje ein dag utan at me får høyre at det har vore plyndringar eller drap i området, fortel Rasmussen.

Han let seg provosere av at han på heimebane må leve med at dei fleste nyheitssaker om Kongo handlar om Joshua French, og at den tidlegare dødsdømde fangen no tener pengar på å halde foredrag om det som skjedde i Kongo.

– Det er heilt sjukt kor mykje pengar det er brukt til diplomati, og så kjem han berre heim igjen til utselde salar og tener mykje pengar på å halde foredrag. Han skulle vore pliktig å donere alt av det han fekk inn på desse oppdraga for å kunne rette opp det han gjorde i Kongo, seier Rasmussen, som også meiner French bør stillast for retten i Noreg for å få prøvd saka si for ein «rettvis domstol».

French avviser straffbare handlingar

NRK har fått ein kommentar frå Joshua French via hans advokat, Hans Marius Graasvold. Der avviser French at han har gjort noko straffbart i Kongo. Han avviser også at han har jobba direkte for Laurent Nkunda eller ei opprørsgruppe, men stadfestar at han har teke oppdrag som livvakt og sørga for tryggleiken til den informanten som er omtalt i VG-saka.

Informanten skal ha tilhøyrt Nkunda sin milits CNDP, og dette vert heller ikkje avkrefta på direkte spørsmål frå NRK. French svarer ikkje på spørsmålet om han i dag meiner det er etisk riktig å jobbe for grupper som CNDP, og han svarer heller ikkje på om det er aktuelt å gje bort pengane han tener på føredragsturneen til velgjerande arbeid i Kongo, slik Rasmussen oppmodar til.

French skriv også via sin advokat at så vidt han kjente til, så var ikkje CNDP lengre ei væpna gruppe på det tidspunktet han og Moland vart arrestert i Kongo. Gruppa hadde tidlegare i 2009 skrive under på ein fredsavtale med kongolesiske styresmakter. Tre år etterpå oppstod Nkunda si nye gruppe, M23.

SISTE NYTT

Siste nytt