Hopp til innhold

Annullerer tjue år gamal fredsavtale

– Fredsavtalen er over, sa opposisjonspartiet i Mosambik i går, og følgde opp med å angripe ein politistasjon i dag. Men nordmenn på bakken tek det heile med stor ro, og trur ikkje den 16 år lange mosambikiske borgarkrigen vil blusse opp att.

MOZAMBIQUE-UNREST-POLITICS-REBELS-FILES

Væpna menn tilhøyrande Renamo-partiet i Mosambik trener. Renamo var, saman med Frelimo, ei væpna gruppe fram til dei slutta fred i 1991. Sidan den gong har dei to gruppene over tid gått frå å vere mostandsrørsler til å bli dei to største politiske partia i Mosambik.

Foto: Jinty Jackson / Afp

Opposisjonspartiet Renamo har sett seg lei på regjeringspartiet Frelimo, og etter fleire månader med uro og trefningar mellom dei to gruppene, kunngjorde Renamo i går at den 21 år gamle fredsavtalen mellom dei to partane no er over.

Lang krigshistorie

Den velkjende dråpa som fekk glaset til å renne over kom i går då Frelimo inntok basen kor leiaren av opposisjonsgruppa Renamo held til. Det skjedde etter seks månader med uro og trefningar mellom partane.

– Freden er over i dette landet. Ansvaret for det ligg hos Frelimo-regjeringa fordi dei ikkje vil lytte til Renamo sine klager, sa talsmann for Renamo Fernande Mazanga til nyheitsbyrået Reuters i går.

Desse orda kan høyrast skremmande ut om ein ser tilbake på Mosambik si historie. Landet, som er det einaste i verda med ei rifle i flagget sitt, måtte først gjennom ein lang væpna frigjeringskamp for å kome seg fri frå kolonimakta Portugal. Og då landet endeleg fekk sjølvstende i 1975 gjekk frigjeringskampen over i ein borgarkrig som skulle vare i 16 år.

Borgarkrigen stod mellom frigjeringsforkjemparane i Frelimo, som fekk støtte frå Cuba og Sovjetunionen, og den anti-kommunistiske gruppa Renamo, som fekk støtte frå dei kvite regima i Rhodesia (dagens Zimbabwe) og Sør-Afrika.

(Saka held fram under biletet)

UN General Assembly Mozambique New York Armando Guebuza

Armando Guebuza er president i Mosambik og representerer Frelimo.

Foto: Richard Drew / Ap

– Framleis sår etter krigen

Men trass den lange krigshistoria i Mosambik og trugslane om at freden no er over, så trur ikkje ambassaderåd ved den norske ambassaden i Mosambik, Øyvind Udland Johansen, at landet går mot noko ny borgarkrig.

– Det er vanskeleg å sjå føre seg at det vil kome til nokre voldsomme væpna konfliktar. Men at ein kan sjå fleire trefningar, enkelthendingar og ein spent situasjon i landet kan me nok ikkje utelukke, seier Johansen.

Opposisjonspartiet Renamo er langt svakare no enn det dei var då fredsavtalen vart signert for 16 år sidan, meiner Johansen.

– Det er framleis sår og spor etter krigen i folket som gjer at folk vil vere urolege, men det er ikkje noko fare for ny borgarkrig i Mosambik. Styrkeforholdet mellom Frelimo og Renamo er i dag heilt annleis enn då fredsavtalen vart inngått i 1991.

Johansen meiner utspelet frå Renamo om at fredsavtalen er over er eit meir retorisk poeng for opposisjonspartiet.

Angrep på politistasjon

Det er under ein månad att til Mosambik skal ha lokalval, og Johansen meiner det ikkje er overraskande at uroa kjem i tida før valet. Renamo sa tidlegare i april at dei ville gjere det dei kunne for å hindre valet, etter at Renamo-lojale tryggingsvakter støtta saman med mosambikisk politi.

Tidlegare i dag, eit halvt døgn etter at Renamo annullerte fredsavtalen, vart ein politistasjon angripe av personar frå Renamo-gruppa. Og dei siste månadane har eit titals menneske blitt drepne i kampar.

USA beklagar i dag at det finn stad valdelege samanstøyt i landet, og oppmodar dei to rivaliserande gruppene til å ikkje ty til vald.

Fredfullt dei siste tiåra

Sidan det første presidentvalet vart gjennomført i 1994 har Mosambik vore eit meir fredfullt land, trass den krigstunge historia. Dei siste åra har den økonomiske veksten vore på meir enn seks prosent, og dei siste åra har også mange portugisarar kome til landet for å rømme frå den økonomiske krisa i Europa, og ta del av den økonomiske oppgangen i Mosambik.

I løpet av borgarkrigen mista rundt 900.000 menneske i Mosambik livet, og landminer som vart lagt ut under krigen har plaga Mosambik også i tida etter 1991.

I Mosambik er det mange som har krigen friskt i minne og som no kryssar fingrane for at det ikkje vert ein ny krig mellom dei to gruppene som i 16 år var rivalar på slagmarka, og som dei siste tiåra har vore rivalar i parlamentet.

MOZAMBIQUE-POLITICS/ File photo of fishermen casting their nets beneath the skyline of Mozambique's capital Maputo

Nokre menn fiskar rett utanfor Maputo. Mosambik har dei siste åra opplevd ein stor økonomisk vekst.

Foto: MIKE HUTCHINGS / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt