Hopp til innhold

Heiberg saknar olympisk stemning og entusiasme

Gerhard Heiberg er uroleg over det svake publikumsoppmøtet under OL i Sotsji. – Alt er bra med arrangementet, men det er for lite liv her, seier han.

Skiskytingstadion under OL i SOtsji.

Det var mange ledige stolar på tribunen i alpinalegget søndag.

Foto: KAI PFAFFENBACH / Reuters

Gerhard Heiberg er styremedlem i Den internasjonale olympiske komite (IOC) og leiar for marknadskomiteen i IOC. Han har berre godord om måten OL har vorte gjennomført på hittil, men han saknar entusiasmen og gleda på tribunane.

heiberg

IOC-medlem Gerhard Heiberg meiner stemninga under OL-øvingane kunne ha vore betre.

Foto: Eeg, Jon / NTB scanpix

– Vi vart åtvara om at dette kunne skje. TV -bileta frå Sotsji er flotte, konkurransane er flotte og anlegga er også skikkeleg bra. Men eg saknar entusiasmen og gleda over stor idrett, seier Heiberg til det amerikanske nyheitsbyrået AP.

Tema for IOC-toppane

Han seier at dei manglande tilskodarane no er eit tema for toppane i IOC.

– Det er enno tidleg i leikane, og arrangøren har tid til å gjere noko med det, seier Heiberg.

Ein IOC-medlem foreslo tidlegare i dag å setje inn skuleborn og uvæpna soldatar for å fylle arenaene. Dette vart gjort under sommarleikane i London i fjor, der frivillige og uvæpna soldatar fylde tribunane på arrangement som ikkje var utselde.

Talskvinne for OL-arrangøren i Sotsji, Alexandra Kosterina, ser ikkje bort frå at dei kan bruke frivillige for å fylle seta under ein del arrangement.

Tomme storlar på skøytestadion i Sotsji.

Det var mange ledige stolar under 3000 meter skøyter for kvinner i Sotsji søndag.

Foto: ISSEI KATO / Reuters

Kunstløp populært

Nokre arrangement, blant anna kunstløp, har trekt fulle hus. Det kjem også ishockey truleg til å gjere, men det har langt frå vore tilfelle i store norske idrettar som skiskyting og skøyter.

Tomme tribunar på skøytestadion i Sotsji.

Ein einsleg funksjonær på tribunen under 3000 meter skøyting for kvinner i Sotsji søndag.

Foto: ISSEI KATO / Reuters

Det var ikkje ein gong fulle tribunar under utforen for menn søndag, av mange sett på som eitt av høgdepunkta under OL. Berre 6000 tilskodarar møtte fram, medan det var plass til 7500.

Dei fleste arrangementa under leikane i Sotsji er utselde, og ei av årsakene til tomme tribunar er at mange utlendingar har valt å ikkje reise til OL av frykt for terroraksjonar.

Det blir meldt om kjempestemning på arrangement der russiske utøvarar gjer det bra, som altså kunstløp.

Alpint og skiskyting

Skiskyting, som plar samle titusenvis av tilskodarar i Mellom-Europa, har ikkje slått til som publikumsmagnet i Sotsji. Det same gjeld alpint, som ikkje er ein utbreidd aktivitet i Russland. Heller ikkje skøyter fengjer publikum i Sotsji.

Det er ikkje uvanleg med litt glisne tribunar tidleg under eit OL-arrangement, og fleire rapporterer om god stemning og mykje folk på arenaer der dei har vore til stades. Eit eksempel er den australske IOC-nestleiaren John Coates, som hadde vore til stades under kulekøyringskonkurransen i dag.

– Stemninga var veldig bra. Det var eit flott arrangement, seier han til AP.

LES OGSÅ: Advarer etter to advarsler: – Norge er i utgangspunktet kjent for å være arrogante

LES OGSÅ: OL-sluggere: – Oslo har den sterkeste søknaden

LES OGSÅ: Heiberg: – Bjørgen kan i verste fall miste medaljene

SISTE NYTT

Siste nytt