NRK Meny
Normal

– Folkeavstemming i strid med internasjonal standard

Dei internasjonale valobservatørane frå OSSE og Europarådet meiner folkeavstemminga i Tyrkia ikkje gjekk rett for seg. – Veljarane fekk ikkje tilgang til upartisk informasjon, ifølgje observatørane.

Turkey Referendum

Tilhengjarar av president Recep Tayyip Erdogan jubla over resultatet av folkeavstemmingen om grunnlovsendringar i Tyrkia. Internasjonale observatørar jubla ikkje så mykje.

Foto: Lefteris Pitarakis / AP

Observatørane var inviterte av det tyrkiske utanriksdepartementet for å sjå om folkeavstemminga søndag blei gjennomført i samsvar med internasjonale standardar. Måndag la dei fram ein førebels rapport.

– Folkeavstemminga blei gjennomført på ein måte som gjorde at ikkje alle som deltok hadde dei same føresetnadene når dei skulle stemme, seier leiaren for observatørkorpset, Cezar Florin Preda.

Derfor meiner observatørane at folkeavstemminga ikkje blei gjennomført i samsvar med internasjonal demokratisk standard:

  • Veljarane fekk ikkje tilgang til upartisk informasjon.
  • Ikkje likeverdige vilkår for dei to sidene i kampanjen.
  • Fare for valfusk fordi reglane blei endra i siste liten – også stemmesetlar utan offisielt godkjenningsstempel blei godkjende.
  • Tryggingsstyrkane sine operasjonar hindra folk frå å stemme.
  • Lovverket i Tyrkia er ikkje godt nok for å sikre demokratisk folkeavstemming.

– Mangla upartisk informasjon

– Dei to sidene i valkampanjen hadde ikkje eit likeverdig utgangspunkt. Dei som skulle stemme hadde ikkje tilgang til upartisk informasjon om viktige aspekt ved grunnlovsreforma, legg han til.

– Det juridiske rammeverket viste seg å vere utilstrekkeleg for å kunne gjennomføre ei genuint demokratisk folkeavstemming, seier han.

Observatørane har lite å utsetje på den tekniske avviklinga av valet. Men dei stiller spørsmål ved oppteljinga, fordi reglane blei endra i siste liten. Endringa innebar at også stemmesetlar utan offisielt godkjenningsstempel blei godkjende.

Observatørane meiner også at valet blei påverka av at det framleis er unntakstilstand i Tyrkia, sidan unntakstilstand krenkjer den grunnleggjande fridomen i eit samfunn.

– Folk som blei tvinga til å flykte frå heimane sine på grunn av tryggingsstyrkane sine operasjonar søraust i landet, har møtt vanskar under stemmegjevinga, seier Tana de Zulueta, som er leiar for observatørane frå OSSE.

– Uheldig retorikk

Ho seier at folkeavstemminga ikkje er godt nok gjennomført ut frå internasjonal standard.

– Retorikken under valkampen blei skjemma av at nokre representantar for styresmaktene gav inntrykk av at eit «nei» var det same som å støtte terroristar, legg ho til.

Etter at 99 prosent av stemmene er talde opp, får ja-sida 51,3 prosent av stemmene i folkeavstemminga.

Observatørane blir i landet til 22. april. Den endelege rapporten kjem om åtte veker.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt