NRK Meny
Normal

Holmås: – Folk har mista alt dei hadde

Sandy har så langt teke livet av minst 110 menneske. Fattige Haiti er landet som er hardast råka av herjingane. Kronprins Haakon og utviklingsminister Heikki Holmås er på den karibiske øya, og ser øydeleggingane på nært hald.

Heikki Holmås besøker Haiti etter Sandys ødeleggelser

Utviklingsminister Heikki Holmås (SV) snakkar med lokal busetnad på Haiti etter at orkanen Sandy har gjort store skadar.

Foto: Svein Bæra / UD

Til no er 42 menneske stadfesta omkome i USA i ulukker relaterte til uveret. Minst 67 menneske mista livet på øyane i Karibia før orkanen Sandy sette kursen vidare mot Nord-Amerika.

Haiti, som nærmast blei jamna med jorda av jordskjelvet i 2010, er hardast råka av uveret. Der er 52 menneske stadfesta døde som følgje av overfløymingar og jordskred. Øydeleggingane er fatale.

– Eg har snakka med folk som har mista alt kveget og avlingane sine. Det er trist å høyra, det var alt dei hadde å gå til, seier utviklingsminister Heikki Holmås (SV) til NRK på telefon.

Haitianske bønder lider store tap som følge av Sandy

Bønder på Haiti fraktar vekk ei ku som blei offer for orkanen Sandy. Orkanen tok vekk det vesle mange av dei fattige haitianarane hadde å livnæra seg på.

Foto: Dieu Nalio Chery / Ap

Vollar redda skule

Utviklingsministeren akkompagnerer kronprins Haakon, som kom til Haiti måndag. Kronprinsen vitjar øya i kraft av å vera goodwill-ambassadør for UNDP - utviklingsprogrammet til FN.

Føremålet med reisa var å sjå korleis det går med gjenoppbygginga av landet etter det kraftige jordskjelvet som råka øystaten i 2010. Snart tre år etter katastrofen bur framleis 370.000 haitianarar i telt. mange lever under dårlege sanitære forhold, og kolera har teke livet av om lag 7500 menneske.

Statsråd Holmås fortel at dei blei møtt av eit tragisk syn då dei kom til Haiti. Menneske som hadde lite frå før, har no mista det knappe livsgrunnlaget dei hadde. Dei materielle øydeleggingane er også store.

Ifølgje Holmås var det likevel små lysglimt midt oppi all elenda.

– Me såg at det var mykje vatn i elvene. Me såg heldigvis også at ein del av førebuingane som haitianarane gjer for å førebyggja denne type flaumkatastrofar, faktisk fungerer. Dei hadde elvevern, flaumvern var sett opp. Me besøkte ein skule som hadde vorte redda frå flaumen på grunn av at det var sett opp slike vollar, fortel utviklingsministeren.

Kronprins haakon og Heikki Holmås på Haiti

Kronprins Haakon og utviklingsminister Heikki Holmås inspiserer eit flaumvern på Haiti som Noreg har bidrege til å byggja.

Foto: Svein Bæra / UD


Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt