Avisa Utusan Malaysia melder at det er funne 30 store graver i området, og avisa The Star skriv at den siste vart oppdaga fredag. Der åleine var det nesten 100 døde menneske.
Ein talsmann for malaysisk politi vil ikkje kommentere meldingane overfor nyheitsbyrået Reuters, men seier at det blir halde ein pressekonferanse om saka måndag. Innanriksministeren stadfesta likevel funnet søndag føremiddag, men seier at dei ikkje veit kor mange det er snakk om.
Menneskesmuglarar
Denne kvinna og sonen hennar frå Rohingya-folket er tekne hand på eit senter i Aceh-provinsen i Indonesia. Dei vart berga frå ein båt full av menneske på flukt.
Foto: ROMEO GACAD / AfpDet er ikkje slått fast at dei døde menneska i massegravene høyrer til minoritetsgruppa Rohingya frå Myanmar, men det er sannsynleg. Det nordlege Malaysia ligg i ruta som menneskesmuglarar brukar for å frakte menneske frå Myanmar til område lenger søraust. Dei fleste av desse flyktningane er Rohingya, men det er også menneske frå Bangladesh på jakt etter eit betre liv.
Kjelder i malaysisk politi seier til Utusan Malaysia at funnet av massegravene truleg har samanheng med ei massegrav som vart funne på
.Over 3000 menneske på flukt, dei fleste frå Myanmar og Bangladesh, har kome på land i Malaysia og Indonesia dei siste vekene etter å ha drive rundt på havet i overfylte båtar i veker og månader.
Berga av marinen
Torsdag vart rundt 200 menneske berga frå ein slik båt av den myanmarske marinen, og minst åtte av dei høyrde til den muslimske Rohingya-minoriteten i landet, ifølgje Reuters, som har snakka med fleire av dei som vart berga. Styresmaktene i Myanmar hevda at alle om bord var frå Bangladesh.
Marmot Rarbi (23) høyrer til Rohingya-folket og kjem frå landsbyen Kyauk Taw i delstaten Rakhine i Myanmar.
Desse to mennene vart berga på land i Buyen i Indonesia etter å ha vore på havet i fleire veker.
Foto: CHAIDEER MAHYUDDIN / Afp– Vi hadde ikkje jobb og ingenting å tape, så vi gjekk om bord i båten, seier han. Han fortel at menneskesmuglarane ikkje forlanga pengar av dei før dei gjekk om bord, men at dei seinare kravde 6500 ringgit for å ta dei med til Malaysia. Han fortel til Reuters at han var om bord i båten i tre månader.
Det bur rundt 1,1 million Rohingya i det vestlege Myanmar. Dei er statslause og har såleis ikkje dei same rettane som andre innbyggjarar i landet. Fleire tusen av dei har flykta i båtane til menneskesmuglarane som opererer i området.
Båt med 300 om bord sakna
FNs generalsekretær Ban Ki-moon ber innstendig landa i området om å berge menneska om bord i dei overfylte båtane.
Foto: Sørbø, Krister / NTB scanpixHjelpeorganisasjonar uttrykte tidlegare denne veka frykt for liva til 300 båtflyktningar som vart tvungne ut i internasjonalt farvatn av den thailandske marinen. Ingen har høyrt noko frå båten på ei veke.
Laurdag for vel ei veke sidan hadde ei menneskerettsgruppe telefonkontakt med folk om ord, men sidan har dei ikkje svart på påkalling. Thailandske styresmakter seier dei levert mat, vatn og medisinar til båten før dei eskorterte han ut i internasjonalt farvatn.
FNs generalsekretær Bak Ki-moon har oppmoda landa i området om å gjere meir for å hjelpe menneska om bord i det han kalla «flytande likkister».
Samstundes melder nyheitsbyrået AFP at marinen i Indonesia har starta ein større operasjon for å leite etter flyktningbåtar i sine havområde.