NRK Meny
Normal

– Fleire år før ein zika-vaksine er klar

Det franske legemiddelfirmaet Sanofi Pasteur vil finne ein vaksine mot zika-viruset. Men det vil ta fleire år før ein vaksine er ute på marknaden, ifølgje smitteverndirektør John-Arne Røttingen i Folkehelseinstituttet.

Zika Brasil

VARSLA: Helsestyresmaktene i Brasil slo alarm etter at fleire tusen barn vart fødd med ein fosterskade som fører til hjerneskadar.

Foto: UESLEI MARCELINO / Reuters

Sanofi Pasteur er blant dei større internasjonale vaksinefirmaa, og eitt av fleire som melder seg på for å finne ein vaksine mot zika-viruset.

Lanseringa av vaksinearbeidet kjem dagen etter at Verdas helseorganisasjon (WHO) slo fast at zika-epidemien er ei internasjonal krise, og øvste leiar for FN-organet, Margaret Chan, sa at ei av prioriteringane er å utvikle ein vaksine så fort som mogleg.

– Vi responderer på den globale oppfordringa til handling, seier forskingsleiar Nicholas Jackson i Sanofi Pasteur til nyheitsbyrået Reuters.

Jackson skal leie arbeidet med vaksineutviklinga.

Global alarm hjelper på vaksinearbeidet

Kamp mot zika i Brasil

KRIG: Brasil har sett iverk ei rekke tiltak for å få bukt med myggen som spreier Zikaviruset.

Foto: CHRISTOPHE SIMON / Afp

Myggviruset zika fører truleg til alvorlege fosterskadar hos nyfødde. I Brasil er over 4000 barn fødde med hjerneskadar som blir knytt til zika-viruset.

Det finst ingen vaksine mot zika-viruset. Årsaka er at sjukdommen til no ikkje har blitt sett på som ei alvorleg helseutfordring.

At WHO no har slått global alarm betyr at det vil bli større fokus på å utvikle ei vaksine mot sjukdommen, seier smitteverndirektør John-Arne Røttingen i Folkehelseinstituttet.

John-Arne Røttingen

Smitteverndirektør John-Arne Røttingen i Folkehelseinstituttet er glad for at fleire melder seg på i arbeidet med å finne ein vaksine mot Zikaviruset.

Foto: Even Skårberg Aarnes / NRK

– Det er positivt at dei aktørane som kan bidra no sett alle klutar til for å få ein fortgang i utviklinga av ein vaksine, seier Røttingen.

Han er med i ei rådgjevande gruppe til WHO, som har laga ei liste over infeksjonssjukdomar som kan utvikle seg til globale epidemiar. På denne lista står zika-viruset.

Utprøving mot slutten av året

Men sjølv om vaksinearbeidet er i gang, seier Røttingen at det vil ta tid før ein vaksine er klar.

– Det vil ta fleire år før ein vaksine er ute på marknaden. Men nokre vaksineforskarar seier dei vil ha vaksinar klare til klinisk utprøving allereie til hausten.

Vaksinane vil då bli testa på menneske, for å sjå om dei gir tilstrekkeleg imun-respons. Dei blir òg sjekka om dei er trygge, og om dei vernar mot viruset.

– Nokre av dei kliniske utprøvingane kan kanskje starte på slutten av året. Dersom desse studia er av større skala kan vi få ein effekt på dette utbrotet då, seier Røttingen.

Ekspertmøte fredag

Førstkommande fredag skal WHO ha eit ekspertmøte, for å sjå på vaksinemoglegheitene.

– Det er fire-fem vaksineforslag som kan vere aktuelle å ta vidare, eitt av dei kjem frå Sanofi, seier Røttingen.

– Då WHO slo alarm om ebola var det mange aktørar, både i privat sektor og offentlege forskingsinstitusjonar, som melde seg på. Vi ser det same no når det gjeld zika-viruset.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt