Hopp til innhold

– Fem terroraksjonar er avverga i Frankrike

Fem planlagde terrorangrep er avslørte og stoppa i Frankrike dei siste månadene, opplyser statsminister Manuel Valls.

FRANCE-CRIME-ATTACK-GOVERNMENT

Frankrikes statsminister, Manuel Valls, seier at det er avverja fem terroraksjonar i Frankrike dei siste månadane. Seinast denne veka stansa fransk politi ein ung mann som er mistenkt for å planlegge eit angrep mot ei kyrkje i Paris.

Foto: KENZO TRIBOUILLARD / Afp

Utsegna kjem få dagar etter at fransk politi greip ein mann dei meiner hadde planar om å angripe ein eller to kyrkjer utanfor Paris.

– Fleire angrep er allereie blitt stoppa. Fem, dersom du reknar med angrepet som heldigvis ikkje skjedde i Villejuif, seier Valls til radiokanalen France Inter.

Student arrestert

Alle dei fem planlagde angrepa er stoppa etter at 12 personar vart drepne i lokala til satiremagasinet Charlie Hebdo 7. januar. Ifølgje Valls har terrortrusselen mot Frankrike aldri vore så høg som no.

Ein 24-årig fransk-algerisk IT-student vart søndag gripen og er mistenkt for å ha planlagt minst eitt kyrkjeangrep. Det vart funne ein god del krigsvåpen hos mannen, og eit dokument som vart funne gjorde det klart at mannen hadde planar om å gjennomføre eit angrep.

Mistenkt for drap på kvinne

Mannen klarte sjølv å sette seg i ein posisjon kor han vart arrestert. Han hadde tidleg søndag morgon ringt etter ambulanse fordi han hadde skote seg sjølv.

Han hadde problem med å forklare skotskaden, og etter å ha følgt blodsporet fann politiet etter kvart ein bil full av våpen, mellom anna ein pistol som tidlegare var meldt stolen.

– Vedkommande hadde blitt meldt inn til politiet fordi han hadde planar om å reise til Syria, fortalde innanriksminister Bernard Cazeneuve til pressa.

Også heimen til den mistenkte si syster vart ransaka av politiet. Mannen vert også knytt til drapet på ei småbarnsmor som vart funnen skoten i passasjersetet til ein bil i dei sørlege delane av Paris. Ekspertar seier at DNA-funn på staden knyter mannen til drapet.