Hopp til innhold

– Colombia vil forhandle med FARC i Oslo

Styresmaktene i Colombia og FARC-geriljaen skal starte fredsforhandlingar i Oslo i oktober, seier den tidlegare visepresidenten i landet, Francisco Santos, melder fleire nyheitsbyrå.

Kveldsnytt-reportasje om samtaler i Oslo.

VIDEO: Det kan bli fredssamtaler i Oslo.

Det kom i kveld melding frå den panamerikanske fjernsynsstasjonen Telesur om at det var inngått ein avtale om fredsforhandlingar på eit møte på Cuba. Men styresmaktene i Bogota avviser meldinga.

Timoleon Jimenez

FARC-leiar Timoleón Jiménez er klar for fredsforhandlingar med styresmaktene i Colombia.

Foto: HANDOUT / Reuters

Kanalen melder at forhandlarar frå Colombia, Cuba og Noreg hadde eit innleiande møte i mai i år. Det er uklart om norske forhandlarar har delteke på møte om FARC på Cuba i denne omgang.

Rykte om forhandlingar

Det har gått rykte om moglege forhandlingar mellom FARC og colombianske styresmakter i fleire månader. Blant anna har tidlegare president Alvaro Uribe skrive om det fleire gonger på Twitter.

Francisco Santos, som er fetteren til president Juan Manuel Santos, seier at presidenten vil offentleggjere forhandlingar i Noreg i løpet av dagar. Han opplyser at forhandlingane skal starte i Oslo 5. oktober, og at dei skal halde fram på Cuba.

Vakthavande på pressetelefonen til UD seier til NRK.no at dei førebels ikkje kan kommentere meldinga.

Den venstreorienterte geriljaorganisasjonen FARC (Fuerzas Armadas Revolucionarias de Colombia) har drive ein væpna kamp mot styresmaktene i Colombia sidan 1964, men er i dag betydeleg svekt.

LES OGSÅ: Fransk journalist med brev hjem fra colombiansk gerilja

LES OGSÅ: Fredsutspill fra FARC i Colombia

Fleire tusen kidnappa

Colombias president Juan Manuel Santos

Colombias president Juan Manuel Santos vil forhandle med FARC-geriljaen.

Foto: MARIO TAMA / Afp

Organisasjonen har kidnappa fleire tusen menneske og halde dei fanga i jungelen i årevis.

Den mest kjende var den fransk-colombianske presidentkandidaten Ingrid Betancourt, som vart kidnappa i 2002 og halden som fange i seks år.

Det vekte oppsikt då FARC-leiar Timoleón Jiménez i mars i år lovde å stanse bortføringane og sette fri dei siste ti politimennene organisasjonen heldt som fangar. Han gjorde det då klart at FARC vil avslutte den væpna kampen og innleie ein forsoningsprosess med styresmaktene.

LES OGSÅ: Fem drept i eksplosjon i Bogota

LES OGSÅ: Fredsutspill fra FARC i Colombia

– Må forplikte seg

President Juan Manuel Santos sa då at han ikkje ville opne ein dialog med FARC før alle gislar var sette fri og gruppa har forplikta seg til å stanse all terrorverksemd. Han kravde også at FARC slutte å rekruttere born.

FARC står på både USA og EU si liste over terrororganisasjonar.

Noreg var i 2005 involvert i fredsforhandlingar mellom styresmaktene i Colombia og ei anna geriljagruppe i landet, ELN. ELN var også ein venstregerilja, som då hadde rundt 5000 mann under våpen. ELN var då den nest største opprørsgruppa i landet.

Forhandlingane den gongen førde ikkje fram, og leiar for ELN, Nicolas Rodriguez, seier til Reuters i kveld norsk tid at han er open for forhandlingar med regjeringa, men at dei ikkje vil leggje ned våpna før det er inngått ein avtale.

LES OGSÅ: - Kan være begynnelsen på slutten

LES OGSÅ: - En utstrakt hånd fra FARC til Colombias president Santos