Hopp til innhold

– Får neppe fredspris for toppmøte

– Eg tvilar sterkt på at nobelkomiteen gir fredsprisen til Kim Jong-un eller Donald Trump sjølv om dei gjennomfører toppmøtet i Singapore. Presidenten i Sør-Korea, Moon Jae-in er ein langt meir aktuell kandidat, seier seniorforskar Sverre Lodgaard.

Kim Jong-un, Moon Jae-in, Donald Trump

Sverre Lodgaard seier at Moon Jae-in (i midten) har spelt ei nøkkelrolle for å få i stand toppmøtet mellom Kim Jong-un og Donald Trump i Singapore 12. juni.

Foto: Leah Millis / REUTERS/RTV

Det har fleire gonger vore spekulert i om Donald Trump vil kunne få Nobels fredspris for arbeidet med å skape fred på den koreanske halvøya. Ei gruppe republikanarar har nominert han til prisen.

Sverre Lodgaard er seniorforskar ved Norsk Utenrikspolitisk Institutt (NUPI). Han trur ikkje at verken Trump eller den nordkoreanske statsleiaren, Kim Jong-un er aktuelle.

Håndtrykket

Statsleiarane i Nord-Korea og Sør-Korea, Kim Jong-un (t.v.) og Moon Jae-in møttest 27. april.

Foto: Korean Broadcasting System / AFP

– Moon Jae-in med nøkkelrolle

– Skal nokon få fredsprisen, må det vere presidenten i Sør-Korea, Moon Jae-in. Kim har hatt regien, men Moon har spelt ei nøkkelrolle for å få til det vi ser no, seier Lodgaard.

– Moon har vore ein brubyggjar mellom Nord-Korea og USA, seier Lodgaard.

Fredag kunngjorde Donald Trump at møtet i Singapore den 12. juni kjem til å bli gjennomført. Han sa dette etter å ha fått overlevert eit personleg brev frå Kim.

- Jeg har stor tro på at dette kan være starten på en positiv prosess, sier USAs president Donald Trump

President Donald Trump er klar for toppmøte med Kim Jong-un i Singapore.

Presidenten i Sør-Korea, Moon Jae-in har allereie møtt Kim Jong-un to gonger. Møtet 27. april var det første toppmøtet mellom leiarane på den koreanske halvøya sidan 2007.

Kim lova å arbeide for atomnedrustning. Dei møttest på nytt 26. mai.

No er det altså klart for toppmøte mellom Kim og Trump. Det er første gong ein sitjande amerikansk president møte ein nordkoreansk statsleiar.

Kim Jong-un er den første nordkoreanske lederen til å krysse grensen til Sør-Korea siden 1953.

Kim Jong-un er den første nordkoreanske leiaren som har vore på sørkoreansk territorium sidan Korea-krigen i 1953.

– Vellukka utan slutterklæring

– Kva må til for at toppmøtet skal bli ein suksess?

Sverre Lodgaard Sverre Lodgaard. Norsk Utenrikspolitisk Institutt.

Sverre Lodgaard, seniorforskar ved Norsk Utenrikspolitisk Institutt (NUPI).

Foto: Christopher Olssøn

– Det er ikkje sikkert det vil komme ei felles slutterklæring frå møtet, det er heller ikkje avgjerande, seier Lodgaard.

– Dei må sjølvsagt innom sentrale tema som ei vidareføring av stansen i prøveoppskyting av nordkoreanske rakettar og fjerning av atomvåpen. USA kan komme til å forplikte seg til å fjerne dei mest provoserande delane av øvingsverksemda i Sør-Korea. Det blir spennande å sjå kor konkret og kor omfattande dette blir, seier han.

– Kanskje USA vil opprette representasjon i Pyongyang, legg han til.

Koreakrigen

Soldatar frå den amerikanske hæren sitt 24. infanteriregiment på veg til stridssonene 18. juli 1950.

Foto: NATIONAL ARCHIVES / AFP

– Fredsavtale viktig

Dei to landa på Korea-halvøya er framleis formelt i krig, sidan det ikkje blei skrive under ein fredsavtale etter Korea-krigen på 1950-talet.

Sverre Lodgaard trur at arbeidet med ein fredsavtale blir eit viktig tema på toppmøtet.

– Dei to statane på halvøya ønskjer dette. Dersom Trump og Kim blir samde om noko konkret på dette punktet, vil det vere svært viktig, og det vil gi Trump høve til å seie at han har oppnådd noko svært historisk, seier Lodgaard.

Kim Jong-un

Kim Jong-un talte til det nordkoreanske folket 1. januar.

Foto: Jung Yeon-je / AFP

– Nyttårstalen ein milepæl

– Korleis vil du karakterisere den dialogen vi har sett mellom Nord- og Sør-Korea og Korea-statane og USA den siste tida?

– Det har vore eit intenst diplomati som har omfatta USA, Nord-Korea, Sør-Korea, Japan og Russland – alle statane som har deltatt i dei tidlegare sekspartssamtalene om Nord-Koreas atomprogram. Kim sin nyttårstale var ein milepæl, seier Lodgaard.

I nyttårstalen varsla Kim Jong-un at Nord-Korea ville delta på OL i den sørkoreanske byen Pyeongchang. Talen blei starten på ei svært positiv utvikling i det iskalde forholdet mellom nord og sør – etter eit 2017 med rakettestar, atomprøvesprengingar, og isfront på Korea-halvøya.

9. januar møttest representantar frå nord og sør i grensebyen Panmunjom til dei første samtalane på to år. Sidan har det gått slag i slag med ei lang rekkje møte på høgt politisk nivå.

Leiaren for ein sørkoreansk delegasjon, Chung Eui-yong, heldt pressekonferanse utanfor Det kvite hus, der han kunngjorde at Kim Jong-un gjerne vil møte Donald Trump.

Toppmøte av og på

8. mars kom ein sørkoreansk delegasjon til USA for å informere president Donald Trump om eit møte dei nyleg hadde hatt med Nord-Korea, og for å overlevere ein møteinvitasjon frå Kim Jong-un. Trump takka ja til invitasjonen.

Men det har vore uvisst om toppmøtet verkeleg ville bli gjennomført. For vel ei veke sidan avlyste Trump toppmøtet med Kim. Men det tok ikkje lang tid før det kom nye signal frå Det kvite hus.

Laster Twitter-innhold

Og førre helg var utsendingar frå USA på plass både i Singapore og ved grensa mellom Nord- og Sør-Korea for å arbeide vidare med den konkrete planlegginga.

Fredag kom altså stadfestinga av at toppmøtet blir ein realitet.

HVa skjer når verdens mektigste mann tilsynelatende stadig skifter mening?

Såpeopera i Washington

– Vi har vore vitne til det eg vil kalle ein såpeopera i Washington. Til tider har vi fått inntrykk av at det har vore kaos i Det kvite hus. Det har komme motstridande signal. Det er brukt sterke ord. Men no er logikken meir eintydig, seier Lodgaard.

– Nord-Korea insisterer på at ein må gå fram steg for steg. Begge partar må vere villige til å imøtekomme krav og ønskje frå motparten. No ser det ut til at Trump har nærma seg den tankegangen. Han kravde tidlegare at det meste skulle skje i eitt sprang. No seier han at toppmøtet er starten på ein prosess. Han har lagt fleire sanksjonar på is.

– Er det framleis skjær i sjøen?

– Det kan det vere, det har jo skjedd så mykje uventa. Det som er sikkert, er at partane har lita tid på seg til å få alle brikkene til å falle på plass før 12. juni, seier Lodgaard.

SISTE NYTT

Siste nytt