Hopp til innhold

– Falsk rapport om Assange-asyl

The Guardian kom i kveld med nyhenda om at Wikileaks-grunnleggjar Julian Assange har fått asyl i Ecuador. Etter dette avkrefta presidenten i Ecuador opplysningane som usanne rykter.

Julian Assange

Julian Assange har kome eitt steg nærare ein ny framtid i Ecuador.

Foto: Kirsty Wigglesworth / Ap

– Ecuador vil gi asyl til Julian Assange, sa ein offisiell person i hovudstaden Quito, ifølgje The Guardian.

Men seinare kom det eit utsegn frå president Rafaek Correa som ikkje stadfestar opplysningane frå den britiske avisa.

– Assange-ryktene er falske. Det er ikkje teke noko slik avgjersle, skriv presidenten på Twitter.

På mandag sa presidenten på den statlege TV-kanalen at han ville bestemme seg denne veka, etter å ha venta på at OL skulle bli ferdig. Correa sa at dei måtte bli heilt kjend med internasjonal rett før dei tok avgjersla.

Assange held for tida til på den ecuadorianske ambassaden i London. Han risikerar å bli arrestert dersom han forlet ambassaden.

Uklart om han kjem seg dit

Det er difor framleis uklart om asylet gjer det mogleg for Assange å forlate Storbritannia og fly til Ecuador.

– For at Assange skal kunne forlate England må han få eit pass frå den britiske regjeringa. Vil det vere mogleg? Det er noko me må tenkje over, sa utanriksministeren i Ecuador, Ricardo Patiño, til Reuters tysdag.

Assange tok tilflukt i ambassaden til Ecuador i juni for å unngå å bli kasta ut til Sverige, der han er ettersøkt for å bli avhøyrt om påstandane om seksuelt overgrep.

Det er også frykt for at Assange kan bli overført frå Sverige til USA, der han kan risikere dødsstraff for å ha lekka statsløyndommar.

Assange hevdar han er uskuldig og meinar skuldingane er politisk motiverte. I eit brev til dei ecuadorianske styresmaktane skuldar han svenske tenestemenn for opent å ha angripe han, og etterforska han for politiske brotsverk.

SISTE NYTT

Siste nytt