Eit av Legar utan grenser sine behandlingssenter for ebola står for tida utan pasientar, opplyser organisasjonen til BBC. I enkelte regionar har tal på smitta gått såpass mykje ned at ressursar byrjar å stå ubrukte.
Verre i nabolanda
Leiaren av Legar utan grenser sitt arbeid mot ebola, Chris Stokes, seier at nedgangen på smittetilfelle opnar opp for at organisasjonen no kan trappe opp arbeidet andre stader. Han påpeiker samstundes at tala peiker i motsett retning i nabolanda Sierra Leone og Guinea.
- LES OGSÅ:
For at sjukdommen skal bli utrydda må alle landa vere kvitt ebolaviruset på same tid, seier Stokes. Han peiker også til at virusspreiinga kan blusse opp att, slik det har skjedd i Guinea etter to periodar kor det har vore mindre smittespreiing.
Sjølv om det går betre i Liberia, er det verre i nabolandet Sierra Leone. Grunna mangel på behandlingssenter og eit svakt helsesystem aukar talet på smitta dramatisk for tida. I enkelte karanteneområde er det så stor matmangel at sjuke folk reiser bort frå karanteneområdet på jakt etter mat.
WHO: – Store mørketal
Styresmaktene slit også med å oppnå tillit frå folket. Sierra Leones sin visehelseminister seier at ebola har øydelagd folkets tillit til helsesystemet i landet, og at mange ikkje tør å kome til sjukehusa for behandling.
- LES OGSÅ:
I går sa Verdas Helseorganisasjon (WHO) at mørketala er store, og at så mange som 10.000 sannsynlegvis er døde av ebola, sjølv om dei offisielle tala viser at det er 4818 som har døydd av ebola så langt.
WHO trur mange har døydd utan at styresmaktene får vite det.
– Det er veldig mange som er blitt borte under denne epidemien, seier Dye, som trur mange pårørande gravlegg sine slektningar i skjul, for å unngå at styresmaktene stoppar dei frå å gjennomføre kulturelle gravferdsritual.
– Økonomien i ruinar
Samarbeidsorganisasjonen for Vest-Afrika, Ecowas, var i dag samla i krisemøte for å diskutere ebolakrisa. Dei meiner økonomien i Vest-Afrika taper og mange liv går tapt på grunn av ebolaepidemien.
Ebolasmitta tek mykje ressursar frå lokale helsearbeidarar, og folk med andre sjukdommar får difor ikkje den behandlinga dei har behov for. Ecowas meiner difor at hjelpa til dei råka landa må omfatte meir enn berre helsehjelp.
- LES OGSÅ:
– Når så mange ikkje kan arbeide, grunna smitte og karantene, så ligg økonomien i Liberia, Guinea og Sierra Leone nærast i ruinar, sa Ghanas president, John Dramani Mahama, som for tida er leiar for Ecowas.
Han bad vidare om at den internasjonale hjelpa må inkludere ein plan for framtidig berekraft.